Falkeid om Vamp: – Det er veldig leit

Tekstforfattaren til mange av Vamp sine store slagerar likte ikkje nyheita om at Haugesund-bandet splittar lag.

Kolbein Falkeid

Kolbein Falkeid er forfattar og har skrive fleire av Vamp sine tekstar.

Foto: NRK

Vamp

Vokalist og frontfigur, Øyvind Staveland, skal føre Vamp-navnet videre.

Foto: Terje Bendiksby / NTB Scanpix

«Hallo – Adjø» er ein av tekstane forfattaren Kolbein Falkeid har skrive til viserock-gruppa Vamp. Og i går kom nyheita om at det er adjø for Vamp, slik me kjenner dei i dag.

–Det er veldig leit at Vamp oppløyses. Eg er glad i alle saman, seier Falkeid til NRK.no.

– Framifrå musikarar

Det var Torbjørn Økland, som grunnla Vamp saman med Øyvind Staveland, som i går skreiv på sine Facebook-sider at han og Calle Apeland sluttar i gruppa etter 23 år. Det nyare medlemet, Paul Hansen, er også ferdig.

Nå blir det Øyvind Staveland som skal føra Vamp-namnet vidare. Ifølgje Universal Music Norge skal han ut på turne og i studio med Vamp allereie neste år. Sonen Odin og Jan Ingvar Toft blir med på laget.

Falkeid meiner likevel at dei musikarane som nå går ut, er uerstattelege på sitt vis.

– Øyvind Staveland er ein flott komponist og ein fin musikar på alle måtar, at Økland og Apeland forsvinn er likevel veldig trist. Eg er sitert i dagens Haugesunds Avis på at eg meiner Økland er den fremste musikaren, dette trekk eg tilbake, for alle saman er framifrå musikarar på sine område, seier Falkeid.

Staveland forklarte til NRK i går at det er usemje om den musikalske retninga som ligg bak brotet.

– Eg kan stadfesta at Vamp har gjennomgått ei omorganisering i løpet av vinteren. Grunnen er at me ikkje har vore samde om den musikalske retninga. Me har likevel blitt samde om at det per i dag er eg som har rettane til å bruka bandnamnet Vamp, sa Staveland i går.

Ein femte Vamp

Andre songar Falkeid har skrive for Vamp er klassikarar som «Tir n'a Noir» og «Godmorgen, søster». Hans forhold til bandet er svært nært.

– Mange gonger i løpet av dei første 10 åra kalla Staveland meg for ein femte Vamp, derfor har eg lenge kjent meg som ein del av gruppa. Etter kvart har dei byrja å bruka andre forfattarar, noko som er heilt greitt for meg. Men eg syns det er uhyrleg trist at dei nå blir splitta, seier han.

– Trur du Vamp vil halda fram?

– På ein eller annan måte vil dei nok halda fram, men det må vel inn andre musikarar. Staveland er jo initiativrik og dyktig på mange måtar, så dei vil nok halda fram ja, avsluttar han.

Flere nyheter fra Rogaland