Hopp til innhold

Jobbar for at fleire kan få servert ullgris

To unge rogalandsbønder har importert tolv ullgrisar frå Austerrike. Prosjektet blir applaudert av stjernekokk Sven Erik Renaa.

Ullgris-bønder

Sigve Høie Håland (t.v.) og Gunnar Solheim har importert ullgrisar frå Austerrike. Her er dei fotografert med ei purke med grisungar dei hadde frå før.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Tolv utolmodige grisar, som liknar ein blanding av sau og gris, gryntar rundt i to grisebingar i Erevik i Forsand kommune i Rogaland.

På grunn av det strenge regelverket for husdyrimport frå utlandet har bonde Gunnar Solheim leigd fjøslokale eit stykke borte frå sin eigen gard.

Her har import-grisane vore i isolat i to månader og blitt undersøkt for smitte. Nå er dei godkjent av Mattilsynet. Prosjektet Solheim og kompanjong Sigve Høie Håland har jobba for i eitt års tid, er i mål.

– Det har vore veldig mykje innavl på ullgris i Norge. Det er eigentleg berre tre linjer frå før. Då blir det fort innavl, forklarer Solheim, som saman med Høie Håland har starta avlsforeininga Mangalitsa Norge.

Eig 80 prosent av genetikken

Mangalitsasvin er nemleg namnet på ullgrisrasen, som eigentleg kjem frå Ungarn. Frå før er det fleire i Norge som har ullgris i mindre skala.

Men med foreldre i slekt kan det fort bli skavankar. Fleire ullgrisar er også blanda med andre dyrerasar, ifølge dei to ullgrisentusiastane.

Med tolv nyimporterte ullgrisar, og med det like mange nye avlslinjer, eig Solheim og Høie Håland nå 80 prosent av genetikken i Norge.

– Nå skal me prøva å ta vare på denne rasen framover, halda innavlen låg og få store og friske dyr, seier Solheim.

Ullgris
Foto: Magnus Stokka / NRK
Sigve Høie Håland og Gunnar Solheim har importert 12 ullgrisar frå Austerrike.

Kokken er begeistra

Ullgris er også noko stjernekokk Sven Erik Renaa gjerne viser fram. Kjøkkensjefen på Michelin-restauranten Renaa i Stavanger har ei smakfull ullgrisskinke på lager.

– Det minna meg om bestemors svinekotelettar då eg smakte det første gongen. Det smakte utruleg bra gris med mykje feitt i seg.

Sven Erik Renaa

Stjernekokk Sven Erik Renaa serverer gjerne ullgris til sine gjester.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Kjøkkensjefen er derfor glad for ullgrissatsinga i Rogaland.

– Eg trur det er ein kjempemarknad for dette. Kundar er på jakt etter dei litt meir unike tinga nå. Og dette er eit unikt produkt.

– Kan bli ein nisje

Veterinær og seniorinspektør Karl Einar Kleppa i Mattilsynet har følgd opp ullgrisprosjektet i Rogaland. Han fortel at helsestatusen på ullgris i Austerrike er god, tilsvarande den norske.

Karl Einar Kleppa

Karl Einar Kleppa i Mattilsynet.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dette er nytt for oss. Eg veit det var import av ullgris til Norge i 2012, men det er veldig få avlslinjer.

Inspektøren i Mattilsynet har tru på ullgrisprosjektet, men trur ikkje Mangalitsasvin kan ta opp konkurransen med tradisjonell norsk svineproduksjon.

– Til det er tilveksten for dårleg. Sjølv i opphavslandet Ungarn, har rasen gått veldig tilbake. Men at det kan bli ein nisje ser eg ikkje bort frå. Ullgrisen skal vera rik på feitt og god på smak.