Hopp til innhold

Datasenter kan ryke fordi søknaden ikkje var «komplett»

Dei gigantiske datasenterplanane i Time kan ryke. Kommunen rekk ikkje å godkjenne slik bygging kan starte etter planen. – Vi får bygge raskare, seier Green Mountain.

I en rapport skrevet på oppdrag fra Green Mountain og Lyse fra 2020, regnet konsulenter seg fram til at et datasenter på Jæren kunne skape opptil 8300 arbeidsplasser. I 2023 lover Green Mountain minst 500 arbeidsplasser.

Kalberg i Time kommune på Jæren i Rogaland. På matjorda vil Green Mountain bygge eit datasenter som eit av dei største teknologiselskapa i verda. Investeringa skal vere 50 milliardar kroner, og senteret skal skape 500 arbeidsplassar.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Dette krev berre meir av oss, seier Green Mountain-direktør Svein Atle Hagaseth.

Han er langt frå å gi opp håpet.

Tidleg i oktober blei det kjent at eit av dei 20 største teknologiselskapa i verda vil etablere eit datasenter på Kalberg i Time. Green Mountain, som skal bygge senteret, leverte då ein dispensasjonssøknad til kommunen.

Det er ikkje gjort på nokre timar å få bygge på matjord.

– Det er krevjande og utfordrande å kunne behandle ei så stor sak på så kort tid, seier kommunalsjef samfunn i Time kommune, Anne-Kristin Gangenes.

Ikkje fått «komplett søknad»

Green Mountain og kunden vil investere totalt 50 milliardar kroner. Dei lovar minst 500 arbeidsplassar knytt til datasenteret.

Les også 100.000 i bot for hver datajobb som ikke kommer

Slik kan datasenteret ved Hamar se ut.

Men tidsskjemaet er i ferd med å ryke.

Vi ventar framleis på dokument for å få ein komplett søknad. Søknaden er mellom anna ikkje nabovarsla, og då kan ikkje vi behandle denne søknaden, seier kommunalsjef Gangenes.

Kommunen har fått negative høyringsinnspel frå både Statsforvaltaren i Rogaland, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Statens vegvesen. Signala frå Rogaland fylkeskommune, som ikkje har behandla endeleg, er også negative.

Dette er krevjande og utfordrande. Vi har fått tunge innspel, og dei må vi no gå gjennom saman med Green Mountain og behandle på ein så god måte som mogleg, seier Gangenes.

Den politiske avgjerda frå Time kommune kan først vere klar 20. februar. Dette er første kommunestyremøte etter nyttår.

Ordførar håpar framleis

Green Mountain-direktør Svein Atle Hagaseth seier dei gjer det dei kan for å skaffe kommunen det grunnlaget dei treng.

Samstundes har dei sagt at kunden vil flytte inn tidleg i 2025.

Ordfører i Time Kommune, Andreas Vollsund

Ordførar Andreas Vollsund (H) i Time kommune ved området som kommunestyret har vedtatt å bygge på for fleire år sidan. Men alt er ikkje på plass for kommunen.

Foto: Willem Leendertse / NRK

– Byggetida er ideelt sett tolv månader. Men vi kan gjere ting som gjer at vi kan bygge raskare. Vi ser på dette nå. Dette krev berre meir av oss, seier Hagaseth.

Han er likevel tydeleg på at det er dokumentasjonskrav, ikkje byggeprosess, dei jobbar hardast med nå.

Ordførar i Time, Andreas Vollsund (H), har håp om at det er tid til å vente.

Eg håpar framleis at vi klarer å lande denne kunden. No er det opp til Green Mountain og kunden. Dette kan ikkje eg som ordførar i Time svare på, seier Vollsund.

Ordføraren meiner Kalberg er den beste løysinga.

Eg er tydeleg på at Kalberg er inne i arealplanen som eit satsingsområde for kraftkrevjande industri. Vi har all infrastruktur klar. Viss Green Mountain skal etablere seg ein annan stad, vil det komme endå større naturinngrep, for her ligg alt på plass, seier Vollsund.

Risiko for kunden vel noko anna

Hagaseth seier dei ikkje har sett ein endeleg tidsfrist for kor seint bygging kan starte. Kunden veit om utfordringane.

– Vi har god dialog med dei, seier han.

Planer om datalagringssenter på Kalberg

Slik ser Green Mountain for seg at eit datasenter på Kalberg i Time kjem til å sjå ut.

Illustrasjon: Green Mountain

– Det beste hadde vore å få dette på plass før jul. Det rekk vi ikkje. Då må vi gjere dei tilpassingane som gjer at vi likevel greier å oppretthalde leveringskravet frå kunden si side, utdjupar Hagaseth.

Og det er ein moglegheit for at det ikkje blir noko datasenter på Kalberg med denne kunden nå.

– Det er ein risiko for at kunden må bli lokalisert med Green Mountain andre stader. Eller at kunden vel noko anna, innrømmer han.

Green Mountain og direktør Svein Atle Hagaseth

Green Mountain-direktør Svein Atle Hagaseth vil framleis ikkje seie noko om kvem kunden er.

Foto: NRK

Og i fall du lurer: Etter fleire spekulasjonar dei siste vekene har NRK sjølvsagt spurt Hagaseth om kven oppdragsgivaren er. Han vil framleis ikkje seie det.