Hopp til innhold

Ingen er tente på «Fifty Shades» i Suldal

Det er rekordstor interesse for tabufilmen «Fifty Shades of Grey» i Rogaland. Med unntak av ein kino. I Suldal kommune i Ryfylke er det ingen som har bestilt billettar.

Fifty Shades of Grey

Lovnadar om heftige, dampande scenar har ikkje fått Suldalspublikummet til å gå mann av huse.

Foto: Universal

Me er inne i maskinrommet i Storstova på Bryne. Denne kinoen, i lag med dei aller fleste andre i landet, skal ha premiere på «Fifty Shades of Grey» på fredag. Og som på dei aller fleste andre stadar i Norge, så har billettane gått unna.

Erlend Serigstad er kinosjef i Storstova i Bryne

Erlend Serigstad er kinosjef i Storstova på Bryne. Der er alt premieredagen utselt for billettar på Fifty Shades of Grey.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg har aldri opplevd å selja så mange billettar så lang tid på førehand. Billettane til denne filmen blei lagt ut i november i fjor, trur eg. Og alt før jul hadde me seld ut halve salen.

– Nå er det ingen billettar igjen til premierekvelden, seier kinoansvarleg Erlend Serigstad.

Les også: Samler seg til demonstrasjon mot Fifty Shades

Rekordsal i heile fylket

Suldal kulturhus

Suldal kommunale kino held til i kulturhuset i kommunen.

Foto: Suldal kommune

NRK Rogaland har kontakta alle kinoane i fylket, og så godt som alle melder om større interesse for denne filmen enn dei normalt opplever.

På Karmøy, til dømes, har allereie «Fifty Shades of Grey» knust den tidlegare rekorden for førehandssal. Den var det Harry Potter som hadde.

Ingen bryr seg i Suldal

Men det finst altså ein kinosal som skil seg ut. Suldal kommunale kino.

– Så langt har me ikkje seld ein einaste billett, fortel Hanne Mette Birkeland, som er kinosjef i Suldal.

Kart over Suldal kommune

Kart over Suldal kommune. Kinoen er på kommunesenteret Sand.

Foto: Suldal kommune

Suldal er ein landkommune i Ryfylke med i underkant av 4000 innbyggjarar. Kinosjef Birkeland har ikkje noko god forklaring på kvifor folk her ikkje kastar seg over den erotiske filmen på lik linje med folk i andre delar av fylket.

– Sex sel alltid, og folk er nok nysgjerrige her også. Me er jo ganske normale menneske sjølv om me bur litt utanfor byane. Men folk veit at det er ganske god plass hos oss, og dei som vil på kino, får nesten alltid plass. I tillegg skal me ha mange visningar, så det er kanskje ikke ei like stor sak her som i storbyane.

På Bryne står dei i kø

Kristine Johnson seier truleg det som er representativt for mange andre på Bryne.

– Det er ein film alle ser, så eg må få den med meg.

Kristine Johnson skal sjå Fifty Shades of Grey

Kristine Johnson skal sjå Fifty Shades of Grey på Bryne.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Du synes ikkje det er litt flaut å sjå ein film som skal vera så fullpakka av sexscenar?

– Jo! Eg hadde ikkje sett den saman med foreldra mine, for å seie det slik.

Tabutema

Kinosjefen i Storstova kino på Bryne, Erlend Serigstad, er ikkje i tvil om kvifor så mange vil sjå filmen.

– Det er vel fordi det er eit tabubelagt tema. Det har vore veldig stor interesse for bøkene, og det ser ut som mange av dei som har lese bøkene, også vil sjå filmen. Mange er nysgjerrige og spente på korleis filmen blir.