NRK Meny
Normal

Hijab-dømd frisør møter revygruppe i retten

I dag møtest frisør Merete Hodne og revygruppa Løgnaslaget i Stavanger tingrett.
Hodne ynskjer å stoppa eit nummer i revyen deira, men jusekspertar trur ikkje ho vil vinna fram.

Merete Hodne

Merete Hodne går rettens veg for å få fjerna eit revynummer der ho blir omtala som «nazifrisør».

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

Frisør Merete Hodne frå Bryne blei kjend då ho blei dømd for å ha nekta ei muslimsk kvinne med hijab tilgang til frisørsalongen sin. Onsdag må ho møta i retten nok ein gong. Denne gongen fordi ho vil stoppa framføringa av eit revynummer.

Frå scena blir nemleg Hodne parodiert som «nazifrisør», av revygruppa Løgnaslaget, og no skal Stavanger tingrett vurdera om det er ulovleg, og om det bør fjernast frå revyen «Løgnasevangeliet».

Fleire ekspertar trur ikkje ho vil få medhald.

Løgnaslaget

I revyen «Løgnasevangeliet» syng revygruppa Løgnaslaget om nazifrisøren på Bryne. Det likar ikkje Merete Hodne.

Foto: Anders Fehn / NRK

Ytringsfridomen står sterkt

– Eg meiner at det er ein svært liten sjanse for at Merete Hodne kan vinna fram, seier jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen ved Universitetet i Bergen.

Årsaka er at ytringsfridomen står svært sterkt i Noreg. I 2004 blei grunnlova pussa opp og sensur blei i praksis forbode.

Hans Fredrik Martinussen

Jusprofessor Hans Fredrik Marthinussen trur ikkje Hodne vil vinna fram.

Foto: Eirik Gjesdal / NRK

– Det klare utgangspunktet er at det er forbode. Folk som Hodne er i utgangspunktet tilvist til å berre eventuelt krevja ei erstatning dersom dei meiner at det har vore krenkande, fortel Jon Wessel Aas, som er ekspert på ytringsfridom.

Det er altså mogleg å søka om erstatning i etterkant, dersom du meiner at nokon har sagt eller skreve noko som har skada deg på ein måte som kan kompenserast med pengar.

Jon Wessel-Aas

Jon Wessel-Aas er ekspert på ytringsfridom. Han seier sensur i praksis er forbode.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

– Ein tenkjer at det er av betydning at ytringar får koma ut i det frie rom, for så å kunne bli overvunne med motytringar, seier jusforskar Anine Kierulf.

Må bevisa fare for liv og helse

Grunnlova er altså konstruert for at Merete Hodne skal ta debatten med revygruppa i det offentlege rom, og så kan domstolen vurdera etterpå om ho kan få erstatning.

Men det finst unntak.

Anine Kierulf

Anine Kierulf er jurist og forskar ved juridisk fakultet på Universitetet i Oslo. Ho seier det skal mykje til for å stoppa ytringar.

Foto: NRK

– Som hovudregel, viss det skal vera snakk om unntak, så må det dreia seg om fare for liv eller helse til eit enkeltindivid, seier Wessel Aas.

I tillegg er det forbode å oppfordra til lovbrot, barn og unge er særleg beskytta, og staten har rett til å styra kommunikasjonen til innsette i norske fengsel.

– Utanom det så skal det veldig mykje til for å stoppa ytringar før dei kjem ut, seier Kierulf.

For å vinna fram med kravet om å fjerna revynummeret, må altså Merete Hodne bevisa at det set livet eller helsa hennar i fare.

NRK har vore i kontakt med Merete Hodne og hennar advokat. Dei seier at dei ynskjer minst mogleg mediemerksemd, og ynskjer ikkje å kommentera saka.

Rettssaka startar klokka ni, og det er sett av tre timar til saka.