Hopp til innhold

Her poserer ungdomsgjengen med våpen-kopi

Her er nokre av medlemmene i ungdomsgjengen Sandnes-rektor har åtvara om. Politiet ber dei som opplever trugslar om å ta kontakt.

Ungdomsgjeng med våpen

10 ungdommar samla rundt det som ifølge politiet er eit replikavåpen, altså ein våpenkopi. Politiet kjenner til biletet som er distribuert via sosiale medium på nettet. Ifølge ein av dei som er fotografert er ikkje alle på biletet medlemmer av den omtalte ungdomsgjengen.

Foto: Privat

– Eg skjønar godt bekymringane. Me ber derfor ungdom eller andre som opplever trugslar om å ta kontakt med politiet. Dersom det er grunnlag for det, ønsker me at forholda blir melde, seier leiar for førebyggande avdeling ved Sandnes politistasjon, Tom Ovnerud.

Det var rektoren ved Giske ungdomsskule i Sandnes som førre veke slo alarm om eit tøffare ungdomsmiljø i og rundt Sandnes.

Ifølge rektoren driv ei ungdomsgruppering på om lag 100 personar med steling og plaging av andre, noko som skaper utryggleik i Sandnes-området.

Også foreldre ved skulen er uroa over utviklinga.

På biletet øvst i artikkelen poserer nokre av ungdommane frå ungdomsgjengen med det som ifølge politiet er eit såkalla replikavåpen, altså ein våpenkopi.

– Me har sett slike bilete i forskjellige nettforum, opplyser Ovnerud i Sandnes-politiet.

Ein av dei som er fotografert på biletet seier til NRK at ikkje alle er medlemmer av gjengen.

– Det var også feil av oss å ta dette biletet. Me beklagar dersom nokon har oppfatta dette som trugande, seier han.

Ungdomsgjeng våpen

Også dette er eit bilete av ein våpenkopi, ifølge politiet. Biletet er delt via snap-chat.

Flest under 15 år

Politiet er også kjent med at det er lagt ut bilete av eit skarpt våpen med ammunisjon på nett. Men etter samtalar med den unge guten som hadde gjort dette, viste det seg at biletet var lasta ned frå nettet og at våpenet altså ikkje var i omløp i ungdomsmiljøet i Sandnes.

Tom Ovnerud

Tom Ovnerud er leiar for førebyggande avdeling ved Sandnes politistasjon.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Ovnerud i Sandnes-politiet seier dei saman med barnevernet og Sandnes kommune har hatt fleire av ungdommane inne til samtalar med føresette. Ifølge han er dei fleste under den kriminelle lågalder på 15 år. Dei mest aktive er ungdom med utanlandsk bakgrunn, men også etnisk norsk ungdom er med.

– Nokre har gjort handlingar som er brot på straffelova, men dei aller fleste har ikkje det. Det har vore nokre melde valdsepisodar litt tilbake i tid, i tillegg har det blitt framsett trugslar.

Sel alkohol på nett

NRK har også fått tilgang på bilete der ungdommar i miljøet formidlar sal av alkohol på sosiale medium.

whiskey

Her blir ei flaske whisky tilbydd til 400 kroner via snap-chat.

Ifølge ein av dei som jobbar tett på ungdomsmiljøet i Sandnes, er det også snakk om sal av hasj. Dette blir likevel avvist av politiet. Dei har ikkje gjort eit einaste narkotikabeslag knytt til dette miljøet.

NRK har også sjølv vore i kontakt med fleire av dei sentrale ungdommane i miljøet. Ingen av dei vil bli intervjua, men ein av dei innrømmer at enkelte driv med kriminalitet.

Likevel er dei fleste, ifølge han, berre gode venner som samlast. Han avviser også at dei har noko å gjera med våpen og narkotika. Ein annan hevdar gjengen er lagt ned.

Politiet vil ikkje spekulera i kor mange medlemmer det er snakk om.

– Det er eit aktivt miljø, men me har fokus på dette og har ein god dialog med ungdommen, seier Ovnerud i Sandnes-politiet.

Flere nyheter fra Rogaland