Foreldre uroa over ungdom som stel og plagar

FAU ved Giske ungdomsskule ser alvorleg på varsla om eit tøffare ungdomsmiljø i og rundt Sandnes – og ei gruppering som driv med kriminalitet.

Kristine Haaland

FAU-leiar Kristine Haaland ber foreldre og føresette i Sandnes om å aktivt følgja med og snakka med ungdommen om varsla om eit tøffare ungdomsmiljø.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Torsdag kveld blei dei informert om saka av rektor Trond Hoel ved skulen.

Same dag slo han alarm i NRK om eit tøffare ungdomsmiljø i og rundt Sandnes. Ifølge rektoren driv ei ungdomsgruppering på om lag 100 personar med kriminalitet.

– Det går på steling, plaging av andre og på å skapa utryggleik i og rundt Sandnes, sa rektoren.

Dette blir også stadfesta av ungdommar NRK har snakka med. Dei fortel om ein namngjeven ungdomsgjeng som driv med trugslar og tjuveri og som rekrutterer nye medlemmer ved å gi dei utfordringar dei må klara.

– Me som foreldre opplever dette som graverande. Det er viktig å gripa fatt i dette tidleg og ta det ved rota slik at det ikkje får utvikla seg. Me må hjelpa ungdommane i desse grupperingane, seier Kristine Haaland, leiar for Foreldrerådets arbeidsutval (FAU) ved Giske ungdomsskule.

Set pris på varsla

Trond Hoel

Rektor ved Giske ungdomsskule, Trond Hoel.

Foto: Magnus Stokka / NRK

FAU-leiaren set pris på at rektoren fortel ope om utviklinga.

– Det er bra at rektor set fokus på dette tidleg og gir signal om at han opplever dette som eit problem som går på tvers av ulike skular. Slik kan ein få gjort noko dersom det er eit stort problem.

FAU-leiaren seier ho ikkje tidlegare har fanga opp problematikken, ut over det rektor har informert om.

Heller ikkje barnevernet i Sandnes har fått merkbart fleire bekymringsmeldingar i 2016, samanlikna med året før.

Ber om grundig kartlegging

Silje Nygård

Silje Nygård er barnevernssjef i Sandnes.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Barnevernssjef Silje Nygård er likevel kjent med bekymringa rektoren løftar fram. Det viktige nå er å kartlegga omfanget, meiner ho.

– Ein bør få ein god oversikt over kva det faktisk handlar om og kor mange ungdommar som er involvert, slik at ein kan treffa med tiltaka ein set i verk.

– Er det snakk om ein namngjeven ungdomsgjeng som driv med kriminalitet, slik ungdommane fortel om?

– Me veit i alle fall at det er ei samling med ungdommar som utøver ei åtferd som skaper uro hos vaksne, systemet og blant andre ungdommar.

Ber foreldre følgja med

FAU-leiar Haaland meiner det nå er viktig at foreldre og føresette aktivt følgjer med og snakkar med ungdommen, og at ein òg bryr seg ekstra om naboguten eller -jenta.

– Slik kan ein unngå at dette får utvikla seg, eller ein kan fanga opp dei som slit og har blitt rekruttert i denne typen grupperingar.

NRK har også vore i kontakt med Sandnes-ordførar Stanley Wirak (Ap) om saka. Han gir denne korte kommentaren.

– Me tar dette på alvor. Men me har gode fagfolk i Sandnes, så dette skal me klara å handtera.