Hopp til innhold

Rektor slår alarm om tøffare ungdomsmiljø

Ungdommar under ungdomskulealder blir rekruttert til steling og kriminalitet, ifølge rektoren ved Giske ungdomsskule i Sandnes. Dette blir stadfesta av ungdommar sjølv i kommunen.

Ruten i Sandnes

Ungdommar NRK har snakka med fortel om ein namngitt gjeng som driv med steling og kriminalitet i og rundt Sandnes.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Me har høyrt at det er kult å vera med i «gjengen». Det har blitt ein ganske «big deal» å bli med, fortel tiandeklassingane Hanna Davidescu (16) og Rebekka Løining (15).

NRK treff ungdommane ein solfylt ettermiddag på Ruten i Sandnes, som er blant dei kjente møteplassane for ungdomsgjengen dei to tiandeklassingane fortel om. Dei er ikkje med sjølv, men kjenner til utviklinga.

– Du må gjera utfordringar for å bli med i gjengen. Dersom du klarer dei, får du bli med, seier Hanna.

– Dei driv med masse trugslar, tjuveri og slikt, skyt Rebekka inn, som har merka at det er eit visst press om å bli med blant ungdommen.

– Tøffare ungdomsmiljø

Hanna Davidescu og Rebekka Løining

Hanna Davidescu (16) og Rebekka Løining (15) tar avstand frå den kriminelle ungdomsgjengen i og rundt Sandnes.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Rektoren ved Giske ungdomsskule i Sandnes, Trond Hoel, er godt kjent med det ungdommane fortel om. Han slår nå alarm om det han meiner er eit tøffare ungdomsmiljø enn før.

– Me melder fleire saker til barnevernet og politiet enn før.

– Kva konkret går det på?

– Det går på steling, plaging av andre og på å skapa utryggleik i og rundt Sandnes.

– Søker status og makt

Rektoren vil vera forsiktig med å kalla det ein eller fleire gjengar, men anslår at grupperinga tel 100 personar, både under og over ungdomsskulealder. Han meiner òg utfordringane er like store i nabokommunane til Sandnes.

– Me har ein gjeng med ungdom som slit, og som kanskje ikkje oppnår status på skule eller i andre settingar. Desse grupperer seg og finn på andre ting for å få kjensla av status, makt eller kva det måtte vera ein er ute etter.

Kartlegg ungdomsmiljøet

Trond Hoel

Rektor ved Giske ungdomsskule, Trond Hoel.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Politiet arbeider nå med å kartlegga ungdomsmiljøet i Stavanger- og Sandnes-området, men vil ikkje konkludera før rapporten er klar i august. Dei viser til SLT-koordinator i Sandnes, Kristin Øye Stien.

– Bekymringane tar me på alvor og det blir jobba tett med andre instansar som skule, barnevern, politiet og ikkje minst foreldra for å snu den negative utviklinga.

På bakgrunn av utviklinga vil også Sandnes kommune auka ressursbruken inn mot ungdomsmiljøet, ifølge SLT-koordinatoren. Ho viser også til trendrapportar frå andre storbyar i landet som viser tendensar til auka ungdomskriminalitet.

– Det er viktig å presisera at dette ikkje er eit bilete av dei fleste ungdommane i Sandnes, men at det er enkelte som er sårbare og som me jobbar tett med for å snu ei negativ utvikling.

Rektor Hoel ved Giske ungdomsskule meiner det nå er særs viktig at foreldre og føresette følgjer med på kva ungdommane driv på med, spesielt på fritida.

Torsdag kveld har rektoren møte med FAU ved skulen om situasjonen.