Hopp til innhold

Ekstrem-strikkhopp frå Kjerag

– Eg er veldig nøgd med at me fekk dette til. Eit så høgt hopp er det ingen som tidlegare har gjort med strikk og tau, seier Carlos Torija Muñoz.

Strikkhopp i Kjerag

SVEV PÅ 424 METER: Sjå den heftige videoen frå då Carlos Torija Muñoz hoppa i strikk og tau frå Kjeragplatået tysdag. (Med løyve frå Dream Walker – Around the World in 80 jumps)

Kjeraghopp

Det er ikkje vanleg strikkhopp, men ein kombinasjon mellom strikk og vanleg tau, som gjer det motlegg å hoppa frå ekstreme høgder. Dei hoppar frå rampa, men taua er festa i to ulike punkt utanfor bilete.

Foto: Barbara Wasicka / dreamwalker80.com

Vanlegvis er det basehopparane som kastar seg utanfor Kjerag i Lysefjorden. Denne veka har eit lag med utanlandske strikkhopparar boltra seg i naturperla.

Dei driv med ein eigen form for strikkhopp, som gjer det mogleg å hoppa frå ekstreme høgder. Det lengste hoppet som blei gjort, og som er det lengste nokon gong gjort i denne form for strikkhopp, var på heile 571 meter. 424 meter var i fritt fall.

Verdsrekord

Mannen som stod for verdsrekorden i den snevre ekstremsportgreina var i ekstase etter hoppet (sjå video).

– Du må vera maks fokusert, og det er krevjande å gjennomføra eit hopp av denne typen. Eg er ekstremt nøgd med at me fekk dette til. Eit så høgt hopp er det ingen som tidlegare har gjort med strikk og tau, seier Carlos Torija Muñoz frå Spania, som var mannen som gjorde hoppet.

Ordføraren i Forsand, Bjarte Sveinsvoll Dagestad er godt nøgd med besøket dei har hatt, og med at dei har lukkast i sveva i meir enn 400 meter.

– Dersom dei har fått ein verdsrekord her på Kjerag, så synst me jo at det er veldig kjekt, seier Sveinsvoll Dagestad.

Carlos Torija Muñoz

Det var tysdag denne veka at Carlos Torija Muñoz hadde meir enn 400 meter i fritt fall. Han reiste heim i helga.

Foto: Lukasz Szymanski / www.czaplaphotography.com

Vil tilbake neste år

Strikkhopp-laget har base i Polen og kallar seg Dream Walker. Målet deira er å flytta riggen sin rundt til 80 av verdas vakraste og mest spektakulære stader. Kjerag er den 20. lokasjonen dei har vore på.

– Det er heilt magisk på Kjerag. Det er den vakraste staden eg nokon gong har vore. Me har nå budd oppe i fjellet der i tre veker, på den tida har eg sett flotte solnedgangar og eit eventyrlandskap som eg ikkje får ut av hovudet. Eg skal opp der igjen snart, seier Muñoz, som reiste frå Noreg i helga.

Alt utstyret blei pakka ned i helga og frakta med helikopter ned frå Kjerag. Dream Walker har måtta bora hol i fjellet for å få opp riggen, som har vore godt synleg for sommarturistane i Lysefjorden. Likevel forsikrar dei om at dei har fått løyve frå lokale styresmakter til å setja utstyret opp, og til å bruka helikopter. Dette stadfestar Guro Sødergren frå (SVR) Setesdal Vesthei – Ryfylkeheiane landskapsvernområde til NRK.

– Me håper å koma att allereie neste år, så då kan me bruka dei same hola på ny, seier Lukasz Wypych frå Dream Walker-laget.

Rampen på Kjerag

Rampa som det polske laget Dream Walker bruker har vore godt synleg i Lysefjorden dei siste dagane.

Foto: Barbara Wasicka / dreamwalker80.com

Flere nyheter fra Rogaland