Hopp til innhold

– Det kan ligga noko kriminelt bak

Politiet held alle moglegheiter opne for kva som kan ha skjedd med Agnes Elisabeth Müller (36), som har vore sakna frå heimen sin i Ryfylke i meir enn ei veke.

Politihelikopter i Forsand

Politihelikopter har kome frå Oslo for å leita etter kvinna som har vore sakna sidan onsdag førre veke.

Foto: Tom Edvindsen

Agnes Elisabeth Müller

Agnes Elisabeth Müller har vore sakna sidan førre onsdag.

Foto: POLITIET

Onsdag ettermiddag er helikopter og dykkarar frå brannvesenet i full gang med å leita etter Agnes Elisabeth Müller frå Oanes og innover mot Lysefjorden i Rogaland. Tidlegare har fotfolk saumfare området, utan resultat.

Sidan onsdag førre veke har tobarnsmora vore sakna, men politiet har lite konkret å gå etter opplyser lensmann ved Strand og Forsand lensmannskontor, Odd-Bjørn Næss. Derfor held dei alle moglegheiter opne, også at det kan ligga noko kriminelt bak forsvinninga.

– Når ein ikkje veit noko sikkert må ein også vera open for at det kan vera kriminelle ting inne i bilete, seier lensmannen til NRK.no.

Ifølgje Stavanger Aftenblad har også krimteknikarar i 14-tida undersøkt heimen til Müller, der ho har budd saman med mannen sin og to barn. Krimteknikarane skal mellom anna ha undersøkt ein sandhaug utanfor huset. Etter ein times tid reiste teknikarane frå huset, ifølgje avisa.

Ikkje sikkert at ho blei køyrt til ferjekaien

Odd-Bjørn Næss legg til at saka på nåverande stadium er utfordrande å jobba med.

– Det som er problematisk er at dette er ei ettersøkingssak. Me leiter etter ei som ikkje har kome til rette, men har ingenting som er konkret nok til at me med sikkerheit kan sei at slik er situasjonen, opplyser han.

I går gjekk politiet ut med opplysingar om at Müller kan ha teke ferja frå Oanes til Lauvik klokka 23.30 eller klokka 00.15 natt til Skjærtorsdag, men dei er ikkje sikre på dette.

– Me er ikkje hundre prosent sikre på at ho blei køyrt til ferjekaien. Me veit heller ingenting anna sikkert, derfor vil me ikkje gå ut med noko i fare for å mista tips, seier Næss.

Politiet har teke ektemannen til Müller inn til nye samtalar om saka i dag, ifølgje politiet er dette berre rutinesamtalar.

– Det gjekk tre dagar før ho blei meldt sakna av familien, kva kan du sei om det?

– Nei, eg kan ikkje sei noko om det. Då me fekk etterlysinga meiner eg me aksjonerte med den intensiteten og den styrken som var fornuftig. Det gjekk likevel litt tid før politiet fekk meldinga, det kan eg ikkje sei noko om.

Politiet har fredag sett inn dykkarar og helikopter i søket etter Agnes Elisabeth Müller (36).

SJÅ VIDEO: Politihelikopteret søker etter Agnes Elisabeth Müller.