Hopp til innhold

Hareide sitt siste forsøk på å omvenda det største fylkeslaget

SOLA (NRK): Knut Arild Hareide freistar med auka satsing på landbruk- og distriktspolitikk i nytt regjeringssamarbeid. Men vil likevel ikkje kommentera Sp-ultimatum.

Bollestad og Hareide

KrF-leiar Knut Arild Hareide og nestleiar Olaug Bollestad var i dag på besøk hos mjølkebonde Arnstein Røyneberg frå Sola kommune.

Foto: Torkel Schibevaag / NRK

– Eg trur nok Olaug har eit lite forsprang.

KrF-leiar Knut Arild Hareide snakkar om kven som har best lag med kalvane, men kunne like gjerne ha snakka politikk.

For ei oppteljing i Rogaland, som har det største KrF-fylkeslaget i landet, syner at litt mindre enn to tredelar er på nestleiar Olaug Bollestad si side.

Det vil seia at dei ønsker å halda fram med Erna Solberg som statsminister.

Har tapt viktige landbrukssaker

På besøket sitt hos Sola-bonde Arnstein Røyneberg i dag var det derfor viktig for Hareide å få fram kva det vil bety for landbruk- og distriktspolitikken, dersom dei heller får til eit samarbeid med Senterpartiet og Arbeidarpartiet.

– Me står nær Sp i landbrukspolitikken, med ei felles forståing for at det er viktig å ta heile landet i bruk, sa Hareide til NRK.

Han meiner at KrF har vore viktig i regjeringssamarbeidet for unngå eit meir sentralisert landbruk, men innrømmer at det også er viktige slag dei har tapt. Liberaliseringa av konsesjonslova er eit døme på dette.

– KrF har gjort ein positiv men avgrensa skilnad med sine 4,2 prosent (oppslutnad ved sist stortingsval, red.anm.). I ei ny regjering kan me likevel få ein positiv effekt, seier Hareide.

Men det finst andre saker i distrikts- og landbrukspolitikken dei to partia må einast om, dersom det skal bli eit samarbeid. Senterpartiet sin leiar, Trygve Slagsvold Vedum, har tidlegare sagt til NRK at skroting av regionsreforma er ei føresetnad for å gå inn i regjering.

– Betyr det at du er klar til å gå saman med Sp om å skrota regionreforma?

– Det vil eg ikkje spekulera i nå. Først skal partiet ta eit ryddig vegval. Eg vil ikkje gå inn i regjeringsforhandlingar nå.

Venleg tone

Hareide har tidlegare sagt at han trur Rogaland vil overraska ved å stilla seg bak hans råd. Men nå ser han at det går mot blått, trass sjarmoffensiven i landets største jordbruksfylke.

– Det er viktig at folk forstår at dette handlar om me vil støtta FrP-politikk, eller om me skal ha ein sentrumsbasert politikk, og det trur eg mange her i Rogaland ser, seier Hareide.

Og sjølv om nestleiar Olaug Bollestad representerer den andre leiren, så er det ein venleg tone i fjøset på Jæren, noko Hareide meiner er viktig.

– Nå skal partiet ta eit vegval og så er det viktig at me kan leva saman med det etterpå, seier han.