Hopp til innhold

Har halvert mobbinga med anti-mobbetiltak

Time kommune har halvert mobbinga på to år. Det er det anti-mobbetiltaket Olweusprogrammet som skal ha æra for ifølgje Ragnhild Solberg i kommunen.

Video Har halvert mobbingen

Elevane i Time kommune mobbar mykje mindre enn dei gjorde for to år sidan. (Foto: Zbigniew Czaplicki)

I 2008 sa ni prosent ved Frøyland ungdomsskule at dei blei mobba. I år seier vel 5 prosent det same skriv Jærbladet.

– Eg er ikkje overraska over den positive utviklinga, sidan me i lang tid både har jobba systematisk og iherdig med dette, seier Ragnhild Solberg. Ho er Olweus-instruktør i Time kommune.

Rollespel

Anti-mobbetiltaket som Time kommune har hatt suksess med har nyleg blitt kåra som det beste anti-mobbeprogrammet i verda av forskarar frå Cambridge University.

Olweus-programmet går mellom anna ut på rollespel. Der skal elevane setja seg inn i både mobbar og offeret sin situasjon.

– Me får utdelt rollar som mobbarar og offer, så lager me sjølv ei scene som me etterpå framfører, seier Kristian Sørensen som er elev på Frøyland ungdomsskule.

Har kjent på mobbinga

Elevane har engasjert seg i prosjektet fordi fleire av dei har kjent mobbinga på kroppen.

– Eg har sjølv blitt mobba, men det har teke slutt nå. Det er veldig mange ulike typer mobbing, seier Christoffer Havnen.

Han meiner at det viktigaste tiltaket for å få slutt på mobbinga er at alle skal bli inkluderte, og ha nokon å vera med.

Alltid på dagsorden

– Det er dumt når folk går og snakkar bak ryggen på folk, dette har det vore mest av mellom jentene, seier Natalia Bakken som også er elev på Frøyland.

På skulen tar dei tak i mobbeproblematikken kvar einaste dag, seier rektor på skulen Elsa Djuve Jerstad:

– I kommunen vår har me flinke lærarar som heile tida jobbar med dette, og som er kreative til å stella i stand gode klassemøter der elevane kan ha gode diskusjonar.

For dei som har vore utsett for mobbing har ofte friminutta vore eit mareritt. Nå er alt annleis:

– Me prøver å alltid inkludera alle. Viss me for eksempel skal ha ein leik, så er det ein leik alle kan vera med på, seier Havnen, som er svært nøgd med utviklinga i kommunen hans.

Flere nyheter fra Rogaland