Hopp til innhold

Høflege 2. klassingar

«God gamaldags høflegheit» har gitt gode resultat på Goa skule i Rogaland.

Video HØFLIGE ELEVER

Sjå korleis elevane på Goa skole oppfører seg.

Det å vera høfleg og ha respekt for andre gjer ro og konsentrasjon i skulen, og det avgrensar mobbing. Det er tanken bak programmet «Respekt» utvikla på Universitetet i Stavanger.

Fleire skular frå 6 kommunar i landet er så langt med i prosjektet. Og på Goa skole i Randaberg, har disiplinen og konsentrasjonen gått opp, mens mobbeproblemet har blitt mindre.

  • For å sjå korleis dei har det på Goa skole, sjå videoen øvst i artikkelen.

Helsing kvar dag

Kvar morgon må alle elevane i 2. klasse sjå læraren i augo, helsa på ho og seia god morgon.

– Det er viktig for alle å bli sett, så når dagen byrjar med at alle tar meg i handa og får like mykje merksemd, har dagen byrja på ein god måte, seier lærar Solveig Olsen.

Elevane sjølv meiner også at det er fint å helsa på læraren:

– Det er kjempebra, seier Deni Dubajev, som meiner at det er viktig med respekt.

Han og dei andre elevane i klassen blir også vist tillit som ein del av programmet. Til tider kan 2. klassingane vera utan lærar.

– Me er delte inn i grupper, i stillerommet les dei, i eit anna rom gjer dei mattelekser, mens me her ute leiker med klosser og då treng me ikkje lærar forklarer Dubajev.

Tid og presisjon

Det å vera punktleg er også viktig i Respekt, og her skal læraren vera rollemodell.

– Det er ingen slingringsmunn, eg skal vera på plass når det ringer i klokka, for viss eg er presis blir også elevane presise, seier Olsen.

Og når elevane har vore flinke og gjort som dei skal, blir dei løna med sunn frukt.

  • Trur du gamaldags høflegheit høyrer heime på dagens skule? Sei meininga di under.

Flere nyheter fra Rogaland