Hopp til innhold

Kraftig auke i passasjerar etter gratis buss

33 prosent fleire reiser kollektivt i Rogaland, samanlikna med 2019. Spesielt stor er auka etter at det blei innført gratis buss i Stavanger.

Stavangerinnbyggerne er glade for gratis kollektivtransport

Bussane har blitt fullare den siste tida i Rogaland

Foto: Øystein Otterdal / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er ganske formidable tal me ser i kollektivtrafikken, slår han fast.

Leiaren i Samferdsleutvalet i Rogaland, Lasse Anfinsen Fredheim (H), er strålande nøgd. Han ser nøye på tabellen for trafikkvekst dette året til og med september.

Lasse Anfinsen Fredheim.

Lasse Anfinsen Fredheim er nyvald leiar i Samferdslutvalet i Rogaland

Foto: ASTRID HAGLAND GJERDE

For Nord-Jæren er det ein oppgang på om lag 380.000 reiser i denne perioden. Området Jæren/Dalane viser ein oppgang på 11.000 reiser, medan Haugalandet har ein oppgang på cirka 35.000.

Gratisbillettane gjer seg gjeldande

Men det er frå starten av juli, då kollektivbillettane i Stavanger blei gratis, og fram til og med september, at passasjerveksten viser skikkeleg igjen. Spesielt gjeld det dersom desse tre månadene blir samanlikna med kor mange som tok buss og båt i 2019, det siste året før pandemien slo til.

Då blir resultatet 33 prosent auke kvar månad.

Lar seg likevel ikkje overtyde

Likevel ønskjer ikkje Fredheim at ordninga med gratisbillettar i Stavanger skal fortsetja.

– Det er eit ekstremt dyrt tiltak. Eg er meir positiv til å bruke skattekronene på fleire bussavgangar, seier Fredheim.

NRKVALG23: Sissel Knutsen Hegdal i Stavanger

Sissel Knutsen Hegdal, (H), har overtatt som ordførar i Stavanger

Foto: Erik Waage / NRK

Der er han på linje med den nye høgreordføraren i Stavanger, Sissel Knutsen Hegdal. Ordninga, som gjeld for sju månader dette året, kostar kommunen 200 millionar kroner.

– Stavanger kommune har mange andre oppgåver me må prioritere, seier ho.

Avviser effekt frå gratis billettar

Det er ikkje alle som er samde i at auken i trafikktala er eit resultat av gratis billettar i Stavanger. Selskapet Kolumbus i Rogaland, som er ansvarlege for kollektivtrafikken, er eit eksempel på det.

– Veksten i 2023 held fram. Det er me veldig glade for. Men me ser ikkje noko klart skilje på før og etter vedtaket om gratis buss, sa kommunikasjonssjef i Kolumbus, Jon Dagsland til NRK, den 5. oktober.

Usikker på varig effekt

Miljøpartiet dei grøne var ein del av fleirtalet som innførte gratis buss i Stavanger. Gruppeleiar Rune Askeland meiner at passasjerauken dei siste månadane viser at dette hadde noko for seg.

Rune Askeland, MDG

Rune Askeland er gruppeleiar for MDG i fylkespolitikken i Rogaland

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

– Me hadde stor tru på auke, men at det skulle bli over 30 prosent. Det er meir enn eg hadde venta, seier Askeland.

Samstundes er han i tvil om ein periode på sju månader er nok til å gi ein varig auke. Han minner om at det tar lang tid å skape endringar i vanar til folk.

– Akkurat nå er signala at buss i Rogaland blir dyrare og dårlegare til neste år. Då har kanskje ikkje innbyggjarane det heilt store alternativet til å køyre bil, seier Askeland.

Negative signal

Fylkesdirektøren sitt forslag til budsjett for 2024, viser ein gjennomsnittleg prisauke på 5 prosent på billettane på buss og båt.

Direktøren varslar også nedskjeringar i rutetilbodet på om lag 40 millionar kroner.

Leiar i samferdsleutvalet, Lasse A. Fredheim (H), seier at ein auke i billettprisen på høgde med prisveksten, det må innbyggjarane finne seg i.

– Men samla sett så trur eg me skal ha eit rimeleg godt kollektivtilbod i Rogaland til neste år også, og at den positive trafikkveksten kjem til å fortsetja.