Hopp til innhold

Glede i vekst-og vindkraftkommunar

Kommunar med sterk vekst i folketalet dei tre siste åra, får høgare statleg tilskott. Det gjeld fleirtalet av kommunane på Jæren og på Nord-Jæren.

Marsj mot mobbing

Kommunane med størst auke i folketalet blir prioritert i statsbudsjettet. Sandnes

Foto: Siri Wichne Pedersen / NK

Ordføraren i Klepp kommune på Jæren har tidlegare år opplevd at dei statlege tilskotta til ein kommune i sterk vekst, ikkje har halde følge med veksten i utgiftene.

Ane Mari Braut Nese

Klepp-ordførar Ane Mari Braut Nese er veldig glad for auka i veksttilskott.

Foto: Mari Rollag Evensen / NRK

– Når folk flyttar hit må me byggje ut barnehagar og skular for å få plass til ungane. Dette er utgifter me ikkje får igjen på skatteseddelen før det har gått fleire år, fortel høgreordføraren, Ane Mari Braut Nese.

I dag ser ho derimot svært så lyst på situasjonen. Det er eit resultat av lekkasjar frå statsbudsjettet. I fjor fekk kommunen 1.9 millionar kroner i veksttilskott. I år får dei meir enn dobbelt så mykje som i fjor.

– i 2015 får me 4.5 millionar kroner over denne posten, seier Braut Nese.

  • Se fullstendig liste over veksttilskott nedst i artikkelen.

Endra regelverk

Det er nesten 70 kommunar i heile landet, som nå får status «vekstkommune». Kravet er at dei i gjennomsnitt har hatt ein folkeauke på 1.6 % eller meir dei siste tre åra.

Alle dei tre Jærkommunane Klepp, Time og Hå, oppfyller truleg dette kravet. Ein annan stor kommune som er kjent med sterk vekst er Sandnes i Rogaland.

– Det er godt å oppleve at kravet vårt om høgare veksttilskott nå har blitt tatt på alvor, seier høgreordførar Braut Nese.

Vindkraftkommunane jublar

– Ja det er omtrent slik at me kunne ha reist flagget, seier ein annan høgreordførar, Marthon Skårland i Bjerkreim kommune.

Marthon Skårland

Bjerkreim-ordførar Marthon Skårland gler seg over vindkrafttilskott.

Foto: Eirin Larsen / NRK

I årevis har det versert planar om ei stor vindkraftutbygging i kommunen, men foreløpig har det ikkje blitt noko av.

I statsbudsjettet blir det klart at dei same avskrivingsreglane som i dag gjeld i Sverige, dei skal også gjelde i Norge frå neste år.

– Det har blitt gitt konsesjon til ein 340 megawatt stor utbygging, utan at selskapet har starta opp. Men får me same reglane som i Sverige så trur eg den oppstarten skjer innan kort tid, seier Skårland.

Tunnelar skal oppgraderast

Tunnelane som er på fylkesvegane rundt i landet, skal innan fire år vera av like så god standard som tunnelane på riksvegane er.

– Det er målet til regjeringa og derfor får for eksempel Rogaland 14.2 millionar kroner til oppstart av dette arbeidet i 2015, seier stortingsrepresentant Roy Steffensen frå Frp.

Også på dette området ser det ut til at Bjerkreim-ordførar Marthon Skårland blir ein vinnar i dette statsbudsjettet. Fire fylkesvegtunnellar er å finne på vegen frå sentrum i Bjerkreim og inn til Ørsdalen.

– Spesielt den siste er i så dårleg forfatning at den verkeleg treng ei god opprusting, seier Skårland.

Ber om ei sak

Når det gjeld kva tunnelar som skal prioriterast først, blir dette ei sak for fylkespolitikarane i Rogaland.

– Me kjem til å be om at administrasjonen gir ei oversikt over kva tunnelar som har størst behov for opprusting og så byrjar me sikkert der, seier fylkesvaraordførar Terje Halleland frå Frp.

Disse får veksttilskudd i 2015

 

Veksttilskudd 2014

Veksttilskudd 2015

 

(1000 kr)

(1000 kr)

SUM

61,197

393,386

0301 Oslo

0

112,607

1102 Sandnes

13,336

46,195

0235 Ullensaker

9,848

16,885

1121 Time

3,700

12,305

1243 Os

4,595

11,979

1124 Sola

2,305

11,245

1246 Fjell

0

10,372

0237 Eidsvoll

0

10,039

0211 Vestby

3,569

9,876

1247 Askøy

1,317

9,339

1119 Hå

2,320

8,958

0226 Sørum

0

8,861

0626 Lier

0

8,387

0214 Ås

496

7,945

0627 Røyken

0

7,882

1256 Meland

4,068

7,469

1142 Rennesøy

4,992

6,819

1657 Skaun

824

5,872

1122 Gjesdal

1,824

5,621

1532 Giske

292

4,591

1120 Klepp

1,928

4,500

1130 Strand

0

3,862

1259 Øygarden

0

3,722

0233 Nittedal

0

3,517

0236 Nes

0

3,485

0137 Våler

1,137

3,474

1531 Sula

0

3,020

0221 Aurskog-Høland

0

2,895

0215 Frogn

0

2,520

1420 Sogndal

0

2,141

1529 Skodje

978

2,066

0919 Froland

1,149

2,057

0228 Rælingen

0

2,049

0227 Fet

0

2,030

0624 Øvre Eiker

0

1,935

0138 Hobøl

0

1,856

0123 Spydeberg

0

1,851

0604 Kongsberg

0

1,723

0713 Sande

0

1,707

1601 Trondheim

0

1,635

0719 Andebu

0

1,599

1653 Melhus

0

1,552

1523 Ørskog

0

1,479

1663 Malvik

0

1,416

1216 Sveio

798

1,399

1245 Sund

128

1,208

2023 Gamvik

0

1,133

0231 Skedsmo

 0

1,086

1648 Midtre Gauldal

0

986

0618 Hemsedal

0

957

1160 Vindafjord

0

828

1114 Bjerkreim

233

747

0238 Nannestad

0

677

2028 Båtsfjord

0

659

0111 Hvaler

0

432

1902 Tromsø

 0

426

2015 Hasvik

377

331

1017 Songdalen

 0

213

1620 Frøya

 0

187

0234 Gjerdrum

545

184

0623 Modum

0

184

1828 Nesna

0

109

2017 Kvalsund

0

81

1818 Herøy

439

67

0128 Rakkestad

 0

43

1227 Jondal

0

42

1027 Audnedal

0

38

1014 Vennesla

 0

31

Ekspander/minimer faktaboks