Hopp til innhold

Går til val på å få ned forbruket

Miljøpartiet Dei Grøne innrømmer at det er vågalt, men seier at det er heilt naudsynt å satse på tiltak som kan få folk til å redusera forbruket.

Hilde Opoku på landsmøtet

Frå talarstolen på MDG-landsmøtet fortalde Hilde Opoku at dei no vil fremje forslag i Stortinget om ein plan som skal få ned forbruket.

Foto: Silje Bråstad / NRK

– Me er det første partiet som vågar å seia at forbruket må reduserast, seier Hilde Opoku, nasjonal talskvinne i Miljøpartiet Dei Grøne (MDG).

Frå talarstolen på MDG-landsmøtet uttala ho at partiet i neste veke vil fremje eit forslag i Stortinget, om at regjeringa må utarbeide ein plan for å få forbruket ned på eit bærekraftig nivå, innan 2030.

Forbruksreduksjon vil også bli ei viktig sak for partiet framover i valkampen.

– Det er modig, men nokon er nøydde til å gå foran. Og dette er veldig viktig dersom me skal klare å imøtegå dei utfordringane som er innanfor klima og miljø, seier Opoku.

Krev haldningsendringar

– Det er heile vitsen med MDG at me seier ting som dei er. Og me tek også konsekvensane av den verda me lev i. Vårt materielle forbruk må ned, seier nasjonal talsmann for MDG, Rasmus Hansson.

Rasmus Hansson, Miljøpartiet De Grønne

Nasjonal talsmann for MDG, Rasmus Hansson, seier det er naudsynt å få ned forbruket.

Foto: Kirsti Wilhelmsen / NRK

Han trur likevel ikkje at det vil bety at folk vil få det verre, tvert om.

– Alle veit jo eigentleg at det er andre ting enn talet på mobilar som gjer at me får eit godt liv. Det store problemet er at me i norsk politikk nesten har sett eit likskapsteikn mellom forbruksauke og velferd. Det er feil, folk har ikkje godt av det, og kloden toler det ikkje, seier Hansson.

Artikkelen held fram under videoen

I helga er det landsmøte i Miljøpartiet dei Grøne, om lag 80 av delegatane kom til byen med toget.

Fleire gjekk føre med eit godt døme, og kom med toget til landsmøtet i Stavanger.

Må sjå på forbruket i alle ledd

Men for å få til dette, er det mange som må sjå på sitt eige forbruk.

– På statleg nivå kan det bety strengare krav til produksjon av varer og tenester som me kjøper. Det må brukast mindre energi, og kvaliteten på produkta må bli betre. På kommunenivå kan det vera å leggje forholda til rette for bytting og reperasjonar av ting, seier Opoku.

Sjølv innrømmer ho at ho også kan bli betre på nokre område.

– Eg reiser nok litt meir med fly enn det eg har lyst til. Men det handlar om at ein må leggje tilrette for ein infrastruktur som gjer det enkelt for folk å velje miljøvennleg, seier Opoku.

Per i dag er dei avhengige av å få støtte frå fleire parti om politikken dei føreslår skal bli ein realitet.

– Me er eit optimistisk parti, så me håpar at me får støtte frå fleire parti etterkvart, seier Hansson.

Flere nyheter fra Rogaland