– Det var sjokkerande. Det var steinstøv på botn og over dyr, og eg såg nesten ikkje ein einaste fisk, seier Erling Svensen.
Undervassfotografen fortel om synet som møtte han då han dykka ned i Sandsfjorden i slutten av februar i år.
Dykket blei gjort like ved Europas største pukkverk, Norsk Stein i Suldal i Rogaland.
Kontrasten var stor til dykk tilbake til 2007 og 2009.
– Då var det fantastisk fint å dykka. Då var det eit rikt liv i fjorden, mykje fisk og biologi, seier Svensen.
Egersundaren har jobba med fotografering og biologi i 40 år og har gjort oppdrag for fleire universitet og Havforskingsinstituttet.
Han er ikkje i tvil om at det er utslepp av steinstøv frå Norsk Stein som er grunnen til den store forandringa – med færre fisk og mindre vegetasjon i sjøen.
– Det er ingen andre alternativ, seier Svensen.
Slik såg det ut ved korallrevet Midtsund i Sandsfjorden i mars 2007.
Foto: Erling SvensenBekymra for verna korallrev
Ved siste dykk i februar var han hyra av grupperinga «La Sandsfjorden leve».
I fjorden ved steinbrotet ligg også Rogalands einaste korallrev. Det er ikkje berre flott å sjå på, men også viktig for livet i fjorden.
Undervassfotograf Erling Svensen.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKSvensen fotograferte berre eit stykke over korallane då han nyleg var i området, men er likevel bekymra.
– Steinstøvet er så finmalen og spreier seg rundt i heile fjordsystemet. Me har eit val mellom ein frisk fjord eller ein fjord som er lagt aude.
Foto over korallrevet Midtsund i Sandsfjorden. Biletet er tatt 28. februar 2022. Ifølge fotograf Erling Svensen er det færre fisk og planter i sjøen samanlikna med dykk tidlegare år.
Korallrevet har mindre liv enn det tidlegare har vore, meiner Svensen.
Sjøstjernene har mindre å beite på utan et yrande liv på botnen.
Slik såg det ut ved korallrevet Midtsund i Sandsfjorden i mars 2007.
Krev sterkare vern
I dag har dette korallrevet vernestatus. Det betyr at det er forbod mot å fiska med reiskap som kjem i kontakt med botn.
Men det er ikkje verna mot utslepp frå industri. Det burde det vore, ifølge Havforskingsinstituttet.
Forskar Tina Kutti ved Havforskingsinstituttet.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK– Dersom du slepp ut partiklar eller kjemikaliar i vatn, kan dei flytta seg inn i eit verneområde sjølv om utsleppet skjer utanfor. Derfor vil me innføra ei buffersone rundt alle verneområde der utslepp av forureinande stoff ikkje er lov, seier forskar ved instituttet, Tina Kutti.
Forbundet støttar eit krav om nullutslepp i nærleiken av norske korallrev. Totalt kan det vera snakk om meir enn 10.000 langs norskekysten.
– Det kan godt henda det blir upopulært, men me er nøydde til å ta større omsyn til natur og miljø. Då er tiltak som dette absolutt på sin plass, seier leiar Ruben Mjelde Oddekalv.
NRK forklarer
Hva er egentlig koraller?
Et senter for marint liv
Korallrev er grunner i havet som er bygd opp av kalkskjeletter. Her bor koralldyrene som kalles for en polypper. Revet vokser ved at de nye polyppene danner sitt eget kalkskall på toppen av de gamle.
Med tiden vokser revet seg gradvis større, hvor det til slutt kan bli et enormt senter for marint liv.
Hvor stort da?
Enkeltrev kan bli opp til 50 meter høye, og ofte vokser de sammen og danner lange sammenhengende «hauger» av koraller. Slike hauger kalles ofte korallrevkompleks.

Woah..
Ja, det største kaldtvannskorallrevet i verden ligger utenfor Røst og er kjent som Røstrevet. Det ligger på sokkelkanten utenfor Lofoten og er rundt 45 km langt.

Er det sånn som det store korallrevet i Australia?
Nja. Det folk flest tenker på når du nevner koraller, er tropiske korallrev som for eksempel Great Barrier Reef. Det er verdens største korallrev og ligger i Australia.

Det er der Nemo bor :)

Korallrev i Norge
Utenfor tropeområdene finnes ikke levende korallrev som når havoverflaten. De nordiske revkorallene lever vanligvis på strømrike steder på 100–500 meters dyp. Langt nede i det mørke og kalde dypet.
Hvorfor er de viktige?
Korallrevene er viktige for dyreliv og andre organismer. De kan bli opp til 10.000 år gamle, og fungerer som store lager for Karbondioksid (CO2).
Men de er sårbare økosystemer og ødelegges lett.
Hvilke trusler står de overfor i dag?
Menneskelig aktivitet er den største trusselen mot korallrevene. Mudring av havner, jordbruk og erosjon øker partikkelmengden i vannet, som avleires på korallrevene.
I 1999 ble det oppdaget at de norske revene var skadet av bunntråling. Da ble det innført midlertidig stopp i trålfisket. Etter det har flere korallrevområder blitt fredet.
Lærte du noe?
1 227 stemmer
Statsforvaltaren: – Ikkje over grensene
Norsk Stein har løyve til eit visst utslepp i sjøen. Statsforvaltaren i Rogaland har ansvaret for at dei overheld krava.
Ifølge dei er ikkje utsleppa over grensene per det som er meldt til nå. Det er Norsk Stein som sjølve rapporterer dette inn.
– Utsleppa vil ha konsekvensar for nærområdet i sjøen. Men me vil helst ikkje ha nedslamming av korallar. Derfor må me sjå nærare på korleis me kan sikra oss at dei ikkje blir øydelagde, seier fylkesmiljøvernsjef Marit Sundsvik Bendixen.
Det Norske Veritas (DNV) har kartlagt korallane i Sandsfjorden i 2014 og 2019.
Sist konkluderte dei med at tilstanden var god, og at det ikkje var store endringar frå førre undersøking.
Kart over korallar i Noreg. Noreg er det landet med størst tettleik av kaldtvasskorallar.
Norsk Stein: – Me har kontroll
Ifølge leiinga ved Norsk Stein er det ingen indikasjon på at forholda har blitt verre den siste tida.
Dei meiner dei har kontroll på utsleppa.
– Me tar miljøkrava alvorleg og dette er eit viktig arbeid for oss. Ein ting er å vera innføre krava, men målet er også å betra seg heile tida, seier produksjonsdirektør ved Norsk Stein Jelsa, Tor Helge Hilmarsen.
– Kan du garantera at prøvane som blir rapporterte til Statsforvaltaren er korrekte?
– Ja.
Direktøren ønsker førebels ikkje å kommentera kva konsekvensar det får for Norsk Stein dersom norske korallrev får eit sterkare vern.
Neste kartlegging av korallrevet i Sandsfjorden skjer i 2023, ifølge Norsk Stein.