Hopp til innhold

Melder Norsk Stein til politiet

Norges Miljøvernforbund har meld Norsk Stein i Suldal til politiet for det dei meiner er brot på forureiningslova, naturmangfaldlova og på gjeldande utsleppsløyve.

Politimeldinga skjer etter at det nyleg er gjort dykk og tatt foto av botnforholda i Sandsfjorden.

– Steinstøvet legg seg som eit teppe over alt som lever og gror i sjøen og kveler området, seier leiar i Miljøvernforbundet, Ruben Mjelde Oddekalv, til NRK.

Norsk Stein har løyve til eit visst utslepp i sjøen, og ifølge Statsforvaltaren i Rogaland er ikkje det over grensene per nå.

Norsk Stein har så langt ikkje hatt høve til å kommentera saka.

Norsk Stein
Foto: Magnus Stokka / NRK