Hopp til innhold

Fryktar innbrotsraid i påsken

Dette må du gjere for at huset ditt skal vera mindre attraktivt for kriminelle. – Ikkje legg smykke og sølvtøy i klesskapet. Det er første plass dei leitar, seier politiet.

Fryktar innbrotsraid

Politiet fryktar at mobile vinningskriminelle er på tokt i Noreg i påskeferien.

Foto: Stine R. Rørvik / NRK

I Rogaland gjekk politiet nyleg ut og åtvara mot mobile vinningskriminelle som kan vera på kartlegging i forkant av eit eventuelt innbrotsraid i påsken.

– Det er observert bilar som har køyrt rundt med personar som tar bilete av hus, fortel seksjonsleiar Arild Oftedal ved Jæren lensmannskontor.

Sjef for førebyggjande- og patruljeseksjonen ved Sør-Vest politidistrikt, Kristian Johansen, fortel at slike tjuvar ofte er på rundreise i heile landet når dei først er her.

Kristian Johansen

Sjef for førebyggjande- og patruljeseksjonen ved Sør-Vest politidistrikt, Kristian Johansen.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Dei kan for eksempel vere nokre dagar på ein stad før dei reiser vidare til andre byar.

Han oppfordrar alle som ser noko mistenkeleg til å ringa inn og tipsa politiet. Dei samarbeider nasjonalt for å få stoppa tjuvane.

– Tjuvane er blitt frekkare

Sjølv om tal visar at innbrot går ned i 2017, er dei kriminelle blitt tøffare samanlikna med det dei var før.

– Vår erfaring er at tjuvane blir frekkare og tar større sjansar. Det er ikkje uvanleg at dei bryt seg inn mens bebuarane er heime, seier kommunikasjonssjef Stine Neverdal i Finans Norge.

Neverdal forklarar at det er mobile vinningskriminelle som står bak dei fleste innbrota, men lokale kriminelle bidrar også på statistikken.

– Kriminelle frå andre land står bak dei alvorlegaste innbrota. Dei tar gjerne føre seg fleire bustadområde på rekke og rad, seier ho.

Som politiet oppfordra ho folk til å sikra heimen før ein reiser på ferie, i tillegg til å ha gode forsikringar. Men sjølv om du er forsikra er det ikkje sikker at du får dekka tap ved eit eventuelt innbrot.

– Har ansvar sjølv

I vinter var det mange med elektronisk dørlås som opplevde at den slutta å fungera på grunn av kulda. Låste dører gjekk opp av seg sjølv.

Om dette skjer mens du er på ferie er du ikkje dekka av forsikringa ved innbrot.

– Forsikringa tar ikkje omsyn til kva lås du har. Om ein elektronisk dørlås slutta å fungera mens du er på ferie, er det stor fare for at du ikkje får dekka inn tap, seier Therese Nielsen, skadeforebyggjer i Sparebank 1 Forsikring.

Therese Nielsen

Therese Nielsen i Sparebank 1 Forsikring.

Foto: Sparebank1 Forsikring

I 2017 var det kring 400 personar som fekk avslag ved tjuveri av innbu, og nesten 200 som fekk avslag ved tjuveri av reisegods. Det er mange grunner til at folk får avslag.

– Sjølv om folk har gode forsikringar, er det slik at ein har ansvar og plikter. For eksempel å låsa sykkelen med godkjent sykkellås, og sørge for at huset er forsvarleg låst før ein reiser utanlands eller til fjells i påsken.

Kristian Johansen sine tips til dei som vil minska sjansen for innbrot er:

  • Få nokon til å ta inn posten.
  • Ha tidsstyrt lys som skrur seg av og på med jamne mellomrom.
  • Lås alle dører og lukk alle vindauge.
  • Få ein nabo til å ta inn og ut søppeldunkar.
  • Lås inn verdigjenstandar du er redd for i safe og ikkje legg det i klesskapet.
  • Få ein nabo som er heime til å gå ein runde og to rundt huset mens du er vekke.