Hopp til innhold

Fleire elektroniske dørlåsar verkar ikkje i sprengkulda

Har du elektronisk dørlås på ytterdøra, må du vere ekstra påpasseleg i vinterkulda. Mange opplever no at den ikkje fungerer.

Elektronisk dørlås

For å opne ein elektroniske dørlås må ein tasta inn ein pinkode eller bruke ein app. Men mange opplever at dei ikkje verkar slik som dei skal i sprengkulda.

Foto: Kristian Alegard

– Me har ikkje kunna stola på dørlåsen. Det følast heilt klart ubehageleg og lite trygt.

Familiefaren i Rogaland vil vera anonym. Han ønsker nemleg ikkje at folk skal få vite at døra hans ikkje vil låsa seg.

Rundt ti prosent i Norge har elektronisk dørlås. Den tradisjonelle nøkkelen er bytta ut med ein pinkode, som ein traster inn via ein app, eller på sjølve døra når ein skal låse og opne.

Problemet er at desse dørene kan slutte å fungera når det blir skikkeleg kaldt ute.

Morten Svensen

Kommunikasjonssjef i TrioVing Morten Svensen, meiner forbruker må vera påpasseleg under montering av ny lås.

Foto: TrioVing

– Det som skjer er at kulden fører til at dørmaterialet krympar, og avstanden mellom lås og sluttstykket aukar. Låsen kan då bli vanskeleg å låsa opp og igjen, seier kommunikasjonssjef i TrioVing, Morten Svensen.

TrioVing er dotterselskapet til Yale Doorman i Noreg. Yale Doorman er leiande leverandør av elektroniske dører, og har seld 120.000 elektroniske låser her i landet.

– God nok informasjon

Når ein installerer ein smartlås er det viktig at det ikkje er meir enn fem millimeter mellom sluttstykket og låsekassen, for at den skal fungera.

Futurehome sin app for styring av smarthus

Mange har no ein app som dei kan låse og opne døra i huset med.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

På Yale Doorman sin nettstad ligg det ein informasjonsvideo som viser korleis ein skal installere ein smart lås. Men på den seier dei ingenting om at ein må hugse at treverket kan krympe ved kulde.

– Me meiner at informasjonen forbruker får om montering er god nok, seier Svensen.

Vaktselskapet Verisure bekreftar at fleire kundar har hatt problem den siste tida.

– Det er rett at me har fått meldingar om at det har vore utfordringar med den elektroniske dørlåsen dei siste dagane, seier Glenn Ø. Støldal, PR-ansvarleg i vaktselskapet Verisure.

– Det er jo også mange med elektronisk dørlås som er ikkje er kopla til ein bustadalarm, og dei får ikkje me noko informasjon om, fortel han.

Alarmar utløyst

Familiefaren i Rogaland som vil vera anonym, opplevde plutseleg at alarmen vart utløyst på grunn av at den låste døra gjekk opp.

– Mens familien var i hovudetasjen starta plutseleg alarmen på døra å ule av seg sjølv. Ingen hadde vore borti døra, seier han.

Morten Svensen meiner at elektronisk dørlås er eit trygt og brukarvenlege alternativ til nøkkellåsen.

– I Sør-Korea har 70 prosent elektronisk dørlås, og om ein monterer låsen rett, er den sikker.