NRK Meny
Normal

Sandsfjord bru ligg etter skjema

Bygginga av Sandsfjord bru i Suldal er forseinka. Nå blir det ekstrajobbing i sommar for å ta igjen det tapte.

Bygging av Sandsfjord bru

Søylene til Sandsfjord bru tek form. Arbeidet er godt i gong, men fleire veker forseinka, ifølge Vegvesenet.

Foto: Magnus Stokka

Bygginga av brua over Sandsfjorden er i god gang, og er nå kome til den fasen der ein bygger opp tårna til brua.

Men arbeidet ligg nokre veker etter skjema, fortel prosjektleiar Tor Arne Thorsen. Nå blir det ekstrainnsats for å kome i rute igjen.

– Vi prøver å ta det inn igjen med å jobbe skift, og det blir også sett inn eit ekstra arbeidslag som skal jobbe i sommarferien, seier han.

– Skal opne som planlagd

Derfor trur han ikkje forseinkingane fører til at opningstidspunktet blir endra.

Mange bruer og vegar her i landet kan bli bygde heilt utan bompengar, dersom staten støttar, det meiner Framstegspartiet. Stadig fleire prosjekt blir gjennomførte med bompengar. Men det finst og unntak som i Ryfylke.

– Brua vil bli kopla saman i hovudspennet på sommaren 2015 og prosjektet vil bli opna før jul i 2015, seier Thorsen.

Slutt på ferjeturen

Ferja mellom Sand og Ropeid

Ferja mellom Sand og Ropeid skal leggja til kai for godt når brua står ferdig.

Foto: Anders Fehn / NRK

Sandsfjord bru skal erstatte ferja mellom Ropeid og Sand. Brua kjem eit stykke lenger sør i fjorden, og ikkje alle har vore like glade for at det truleg fører til at ferjekaia på Ropeid blir stengt.

Brua blir 580 meter lang, og i tillegg skal det byggast rundt fem kilometer ny veg, fem tunnelar og eit nyopprusta kryss ved riksveg 13 ved Lovraeidet.

LES OGSÅ: – Flaks at liv ikke har gått tapt her

LES OGSÅ: Lover ferjefri riksvei 13

Heile prosjektet skal etter planen koste drygt 600 millionar kroner.

Fylkeskommunen og Suldal kommune tek heile rekninga, slik at bilistane slepp bompengar.