Forsand kommune går vidare med planane om å få til privat ferjedrift over Høgsfjorden, dersom Ryfast blir bygd. Kommunen har lenge sett det som aktuelt å få på plass ei ferje etter Ryfast, som kan drivast uten fylkeskommunal støtte. Dei har nå sendt eit brev til Norled for å avklara kva grunnlag det er for vidare ferjedrift.
– I samband med Fylkestinget si behandling av finansieringsplan for Ryfast vart det i
desember 2008 gjort vedtak om at Tau- og Høgsfjordsambandet skulle leggjast ned.
Dette på trass høyringsuttalar frå både Sandnes og Forsand kommunar som krev framleis ferjedrift over Høgsfjorden, skriv ordførar Ole Tom Guse i eit brev frå Forsand kommune til Norled.
– Vil sjå vidare på realitetane i økonomien for vidare ferjedrift
Ifølgje han har Forsand kommune sidan 2008 sett det som aktuelt å prøve å få til ei ferje etter eit eventuelt Ryfast som vert driven utan fylkeskommunale subsidiar. Det har vore hevda at ei slik ferje ikkje vil få konsesjon då denne vil redusere trafikken i bomstasjonane for Ryfast.
Han skriv vidare at det er nylege utsegn frå Ellen Solheim og Magnus Skretting som har fått han til å endre meining.
«Den siste veka har tidlegare fylkesvaraordførar og dagens fylkestingspolitikar Ellen Solheim overfor meg uttala at det ikkje er noko i vegen for at private kan drive ferjedrift i Høgsfjorden, men det blir utan tilskot frå det offentlege. Det same har Magnus Skretting som er ansvarleg for å samle inn 30 millionar Ryfastkroner frå næringslivet uttala på NRK lokalen. Med bakgrunn i desse uttalane vil Forsand kommune gå vidare med å sjå på realitetane i økonomien for vidare ferjedrift.»
Ber om eit møte med Norled
Deretter ber ordføraren om å bli direkte kontakta av Norled for å avtala eit møte.
«Forsand kommune ønskjer ein dialog med Norled AS for saman å avklare kva grunnlag det vil vere for vidare ferjedrift. Det vil vere behov for å diskutere kva grep som kan gjerast for at drifta skal kunne klare seg utan offentleg subsidiar. Det kan f.eks vere aktuelt å redusere opningstida, takstauke og automatisert betalingsløysing. Det vil også vere av interesse å diskutere organiseringsform.»