Hopp til innhold

Foreldre er uroa over rasutsett veg. No ønskjer skulen ny bussrute

Ein skulebuss var svært nær eit steinras langs riksveg 13 i Ryfylke i går. No tør ikkje foreldre å sende barna med skulebussen.

Ved Lovravatnet i Suldal raste det stein ned tysdag 23. februar 2021 - Riksveg 13 er stengt

PROBLEM: Riksveg 13 har vore eit stort problem for både lokalbefolkning og politikarar i Suldal. Tysdag kom det nok ein gong eit stort steinras i området.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Det har vore kraftig nedbør det siste døgnet, og då vurderte nokre foreldre at det var uansvarleg å sende barna på skulevegen. Og den bekymringa deler me på skulen med foreldre og elevar.

Rektor Jorunn Hoås ved Sand skule trur tre til fem elevar var heime frå skulen onsdag. Grunnen er raset som gjekk ved Breivik på riksveg 13 mellom Erfjord og Sand i Suldal kommune tysdag. Denne strekninga køyrer skulebussen kvar dag for å frakte elevane til Sand skule.

Bussen skal òg ha vore svært nær raset. No håper Hoås at bussen heller kan køyre ein alternativ rute som ikkje går langs dei rasutsette partia.

– Det er ein litt lenger veg å køyre, men då unngår dei å køyre på rasfarlege vegar. Me har tatt det opp med kriseleiinga i kommunen, som skal drøfte det med Kolumbus, seier rektoren.

Fare for liv og helse

Også varaordførar Øyvind Lovra Tveitane i Suldal kommune er uroa for sikkerheita til innbyggjarane. Som far til to barn er det heller ikkje lett.

– Eg har det i bakhovudet heile tida. Me lever ganske tett på.

Riksveg 13 har tidlegare blitt kåra til Noregs tredje verste veg, og er ein av dei mest rasutsette i landet. I fjor haust sa Statens vegvesen at dei ville løyve nær ein milliard kroner til rassikring, men ikkje akkurat der raset gjekk tysdag.

Ved Lovravatnet i Suldal raste det stein ned tysdag 23. februar 2021 - Riksveg 13 er stengt

Slik såg det ut etter raset tysdag. Berre flaks har gjort at ingen har vorte skada av rasa riksveg 13 har hatt gjennom åra.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Rassikring kan ikkje kome fort nok, meiner Tveitane.

– No må me berre få pengar og få prioritert tunnelar i området. Me trur og håper regjeringa vil prioritere oss denne gongen i Nasjonal transportplan. Det er snakk om faren for liv og helse.

Ligg vaken om nettene

Fastbuande og hyttefolk i Suldal lever dagleg med rasfare.

– Eg føler det er utrygt å køyre på desse vegane her. Du veit aldri når det kjem eit ras. Her rasar det i tide og utide, seier Olav Stav.

Olav Stav, Suldal

Olav Stav føler seg ikkje trygg på vegen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Dei neste dagane er det meldt mykje nedbør, og både flaum- og jordskredfare. Då blir det nok ei uroleg natt for rektor ved Sand skule.

– Det er eit scenario som berre er fælt å tenkje på. Som rektor ligg eg vaken og høyrer på vêret, og kryssar fingrane og håper på at det skal gå godt. Det har jo vore nære på, seier Hoås.