Hopp til innhold

Stort steg mot sikring av ein av Noregs verste rasvegar

RYFYLKE (NRK): Innbyggarane i Suldal har kjempa i årevis for å sikre ein av dei mest rasfarlege vegane i landet. No vil Vegvesenet løyve nær ein millard kroner til rassikring.

(Videoen i toppen av artikkelen er frå eit framprovosert ras i samband med midlertidig rassikring som skjer i desser dagar).

Folk i ryfylkekommunen Suldal har frykta liv måtte gå tapt før noko ville bli gjort med ein av Noregs mest rasfarlege vegar.

Men nå er dei eit stort steg nærare målet.

Statens vegvesen vil nemleg setja av nær ein milliard kroner til rassikring på den rasutsette strekninga Rødsliane-Lovraeidet på riksveg 13 i Suldal.

– Dermed er det klart for rassikring i Suldal så fort det lar seg gjere, leiar for samferdsleutvalet i Rogaland, Alexander Rügert-Raustein (MDG).

MDG Rogaland - Alexander Rugert-Raustein

TRENGDE SIKKERHEIT: Skulle det bli prosjekt-overskridingar er det staten som har ansvaret, noko Rügert-Raustein seier er nødvendig. Fylkeskommunen kan ikkje ta ein slik økonomisk risiko.

Foto: MDG Rogaland

Vegstrekket blei i 2018 kåra til Noregs tredje verste veg av ein fagjury og NRK sitt publikum.

Vegen er skuleveg i Suldal og ein viktig pendlarveg for mange. Trafikken har også auka etter opninga av fastlandsprosjektet Ryfast mellom Stavanger og Strand.

Foreldre har også vore redde for å senda borna sine på leirskule til Gullingen i Suldal på grunn av den store rasfaren.

Diskutert i årevis

Rügert-Raustein seier at så snart prosjektet er vedtatt i Stortinget vil ein koma i gang. Ifølgje MDG-politikaren har Suldal kommune lagt om lag 70 millionar kroner på bordet allereie.

– Vi har diskutert dette i mange år, og det er ei stor påkjenning for innbyggjarane i Suldal å leve i ein slik rasutsett situasjon, seier Rügert-Raustein.

Pengane ligg inne i den første seksårsperioden i den nye nasjonale transportplanen frå 2022, med totalt 896 millionar til Rødsliane-Lovraeidet på riksveg 13 i Suldal.

Det endelege forslaget til ny transportplan blir presentert av Samferdselsdepartementet neste år før Stortinget gir endeleg grønt lys.

Ventar berre på regjeringa

Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp), kallar det eit stort steg i rett retning, men tek ikkje gleda på forskot.

Gerd Helen Bø (Sp), ordfører i Suldal.

Ordførar i Suldal, Gerd Helen Bø (Sp).

– Ingenting er vedteke endå. Regjeringa må òg velja å leggja det inn, men det håpar eg verkeleg dei gjer, seier Bø.

Rassikringa som er planlagt kjem i form av ein tunnel mellom Lovraeidet og Rødsliane.

Sjølv om det vil kunne ta fleire år før tunnelen er på plass, er ordføraren letta over at rasvegen som suldølane må leve med blir prioritert.

– Det vil bety ein tryggare veg for våre skulelevar, ungdommar og arbeidsfolk som bruker vegen dagleg.

Vegstrekket blei i 2018 kåra til Noregs tredje verste veg av ein fagjury og NRK sitt publikum.

(Dette bilete, og det i toppen av artikkelen, er frå eit framprovosert ras i samband med den midlertidige rassikringa som skjer i desse dagar).