Hopp til innhold

Folket vil ha bybane på Nord-Jæren

Eit klart fleirtal av innbyggarane i Stavanger-området ønskjer bybanen på Nord-Jæren velkommen.

Bybane

Fleirtalet av folket på Nord-Jæren er positive til bybane, viser ny måling.

Foto: Rogaland fylkeskommune

I ei måling Respons Analyse har gjort for Stavanger Aftenblad viser at 54 prosent er positive til bybane. Berre 26 prosent er negative, 20 prosent har inga oppfatning av spørsmålet.

Folket støttar ikkje Ap sin snuoperasjon

Mange blei overraska då Arbeidarpartiet i Stavanger og Rogaland for halvanna veke sidan valde å sjå bort frå bybane og heller satsa på bussveg på Nord-Jæren.

Det ser ikkje ut til at programkomiteen i Ap har folket i rygge i dette forslaget. 47 prosent er negative til dette forslaget, 34 prosent synst dette er ein god idé.

Les også: -Ap kan ødelegge kollektivsatsingen

Ap ikkje overraska

Leiar av programkomiteen i Stavanger Ap, Cecilie Bjelland, er ikkje overraska over resultatet.

– I og med at bybanen i mange år er trukke fram som den einaste løysinga, har eg stor forståing for at dette er noko mange ønskjer, seier ho til Aftenbladet.

501 personar over 18 år frå kommunane Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg var med i undersøkinga til Respons Analyse.

Meiner du det bør bli bygd bybane på Nord-Jæren?