Hopp til innhold

SV: – Dette er svært lite framtidsretta av Arbeidarpartiet

Bybanen som er planlagt på Nord-Jæren får ikkje lenger støtte frå Arbeidarpartiet. Dei vil heller ha eigen bussbane som kan vera klar om ti år. Hallgeir H. Langeland (SV) er likevel trygg på at det blir bybane.

Hallgeir H. Langeland

Bybane-tilhengjaren Hallgeir Langeland (SV) reagerer – ikkje uventa – på Aps snuoperasjon om bybane i Stavanger-området.

Foto: Tor Erik H. Mathiesen / Scanpix

bybane stavanger

Planen er at bybanen skal gå gjennom Sola, Sandnes og Stavanger.

Foto: Bybanekontoret

Det var under ein presentasjon av Arbeidarpartiet sin valkampstrategi i dag det blei klart at dei har snudd i spørsmålet om bybane.

Det er framleis fleirtal for å byggja ein bybane i Stavangerområdet, men nå står Framstegspartiet, Senterpartiet og Arbeidarpartiet saman mot banen.

Etter planen skal første byggetrinn ta til i 2015, og traseen skal gå gjennom Stavanger, Sola og Sandnes sentrum. Prislappen er på omlag 6 milliardar kroner.

– Kan koma seinare

Cecilie Bjelland er ordførarkandidaten til Arbeiderpartiet i Stavanger, ho seier at dei ikkje forlèt planen om bybane fullstendig.

– I første omgang trur me buss vil vera eit betre alternativ. Når det er på plass kan det bli aktuelt med bybane, seier Bjelland. (Artikkelen held fram).

Cecilie Bjelland - AP

Cecilie Bjelland, ordførarkandidat i Ap, offentleggjorde i dag at dei ikkje lenger støtter bybane i Stavangerområdet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Ho meiner at ein får meir ut av pengane som blir invisterte om ein satsar på bussveg framfor bybane.

Langeland reagerar

– Dette er svært lite framtidsretta av Arbeidarpartiet, seier Hallgeir H. Langeland som er medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget.

Med denne kritikken meiner han først og fremst at det er uklokt reint klimapolitisk. Han legg til at det på regjeringsplan nå blir diskutert om det skal koma ein bybane-pengepott som regionane kan søkja på.

Sjølv om Langeland er overraska over Ap, er han trygg på at det blir bybane:

– Eg trur fleirtalet på Nord-Jæren ser at dei treng andre transportløysingar enn det dei har i dag.

Er ikkje bussbane ei like god løysing?

– Det meiner eg ikkje at det er. Internasjonale undersøkingar viser at folk, og då særleg menn, heller tar bybane enn buss.