Hopp til innhold

Dei vil ikkje ha motorveg gjennom bygda si

– Den blir som å bygga ein berlinmur gjennom Figgjo, seier Sven Martin Håland om Vegvesenet sine planar for ny E39. Han møtte i kveld opp på folkemøte saman med om lag 250 andre motstandarar av vegen.

Folket vil ha tunnel

Prosjektleiar for «E39 Hove-Ålgård», Bjørn Åmdal, i Statens vegvesen, argumenterer for kvifor det vil vera best om den nye firefelts motorvegen går oppe i dagen. Dei fleste av tilskodarane lar seg ikkje imponera.

Foto: Erik Waage / NRK

Sven Martin Håland

Grunneigar i Figgjo, Sven Martin Håland, meiner det mest fornuftige vil vera å legga den nye E39 i tunnel.

Foto: Erik Waage / NRK
Bjarne Berntsen

Tidlegare landslagstrenar for det norske damelaget i fotball, Bjarne Berntsen, er ein av dei som står i bresjen for motstanden mot Vegvesenet sine planar for ny motorveg.

Foto: Erik Waage / NRK

Om lag 250 personar møtte i kveld opp på folkemøte i Figgjohallen i Sandnes. Her møtte grunneigarar Statens vegvesen og politikarane i kommunen, for å sei kva dei meiner om den nye firefelts motorvegen mellom Ålgård og Hove.

Kort fortalt vil grunneigarane ha vegen i tunnel, medan Vegvesenet meiner den bør gå oppe i dagen.

– Dersom politikarane går for tunnel vil me protestera. Dette med omsyn av trafikktryggleik og økonomi, seier prosjektleiar for «E39 Hove-Ålgård», Bjørn Åmdal, i Statens vegvesen, til NRK.no.

På andre sida er grunneigarane minst like steile.

– Det er eit stort engasjement i heile Figgjo for ein tunnel. Det blir som ein berlinmur gjennom bygda viss det ikkje blir tunnel. Øydeleggande for bustadområda og øydeleggande for eit godt rekreasjonsområde, seier grunneigar Sven Martin Håland.

100 millionar ekstra

Grunnen til at Vegvesenet ikkje vil tilrå tunnel er at mykje lausmassar vil gjera det krevjande å bygga den og at plasseringa og utforminga av krysset som då vil koma visstnok vil gi dårlegare trafikktryggleik.

Eit anna argument er ein tilleggspris på om lag 100 millionar kroner. Prosjektleiaren i Vegvesenet innrømmer likevel at det blir betre med tunnel i høve til nærmiljø og støy.

– Men desse fordelane kan ikkje forsvare ei løysing som er mindre trafikksikker og mykje dyrare å bygge og vedlikehalde, seier Åmdal.

Grunneigarane på si side er ikkje samde. Ved å kalla inn til folkemøte håper dei at politikarane, som skal ta den endelege avgjersla, vil høyra på kva dei har å sei.

– Når folk går heim i kveld håper me dei har fått sett seg godt inn i problemstillinga, og at dei meiner tunnel er det beste, seier Håland.

– Kvifor er det betre?

– Det viktigaste er det totale bilete for heile Figgjo. Det er eit aktivt turmiljø i området der vegen kan koma, det er eit aktivt landbruk og det er eit bustadområde i nærleiken som vil bli ramma i form av støy og visuell forureining, seier han.

Ordføraren på plass

Ordførar i Sandnes, Stanley Wirak, var på plass under folkemøtet.

– Eg er her for å få informasjon. Nå skal eg høyra på Vegvesenet som legg fram planane, og eg skal høyra på reaksjonane frå folk, seier han.

– Saka vekker eit stort engasjement.

– Ja, og det skal det vera også. Dette er viktig. Det er ein veg som går rett gjennom bygda og som er viktig i mange år. Derfor må me finna dei beste løysingane innan dei økonomiske villkåra me har å gå på, seier Wirak.

Dei første planane Statens vegvesen la fram i 2012 blei møtt med fleire motsegn frå Fylkesmannen, mellom anna grunna funn av den verna arten mjukt havfrugras i Bråsteinvatnet. Wirak vil framleis ikkje ta stilling til dei nye planane.

– Det som er viktig nå er å få dei raske diskusjonane og dei raske avgjerslene slik at me er ferdige til å få vegen fram når pengane kjem, seier han.

– Kva tid kan vegen vera på plass?

– Slik eg forstår det er dette inne i NTP for 2018. Dersom prosjekteringa er i gang før dette bør det vera klart til at anleggsarbeidet kan byrja då, seier Wirak.

Stanley Wirak

Stanley Wirak er ordførar i Sandnes og var på plass på kveldens folkemøte.

Foto: Erik Waage / NRK