Hopp til innhold

Fekk flytta det nye huset to mil

– For oss er dette den ultimate form for gjenvinning, seier Hilde Risa som nå har blitt kvitt det gamle jærhuset sitt, utan å riva det.

Her settes huset på plass

Her kan du sjå huset bli løfta på plass i hagen i Klepp, der det nå skal fungera som atelier.

Eit raudt hus sprita i går kveld opp trafikkbilete på Jæren. Det gamle huset blei køyrd to mil med spesialtransport frå Risa i Hå til Klepp på Jæren, med mange skodelystne publikumarar på slep.

– Eg veit eigentleg ikkje kva det er eg har stelt i stand her, seier Marianne Stangeland og ler. Frå terrassen hennar følgde ho nøye med på alle arbeidarane som var i sving for å få gratishuset hennar på plass i hagen.

Klokka 22.30 kunne ho spretta sjampisen. Huset passa som fot i hose på den nye grunnmuren.

Hilde Risa og Marianne Stangeland

Både Hilde Risa, som gav huset frå seg, og Marianne Stangeland, som tok det imot, var svært nøgde etter flyttinga.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

«Gis bort»-annonse på Finn

Då den tidlegare eigaren av huset, Hilde Risa og sambuaren, bestemde seg for å bygga nytt hus på Risa, måtte det gamle vekk. Men tanken på å riva huset gav inga god kjensle.

– Det er eit hus med sjel, som eg har mange gode minne frå, fortel Hilde, som har budd i huset sidan 2001, men har vakse opp i nærleiken av det.

Dermed blei løysinga å legga ut ei annonse på Finn, der den som ville kunne få huset, mot at dei sjølv ordna henting og transport.

Skal bli atelier

Då kunstmålar Marianne Stangeland frå Klepp såg denne annonsen blei ho veldig glad.

– Eg har ein stor og god hage, og eg ønska å ha eit atelier nærme huset, fortel ho.

Dermed var begge svært nøgde.

– For oss er dette den ultimate form for gjenvinning, slår Risa fast.

Nå ser Stangeland fram til å bruka ha huset til å måla bilete i, medan Risa ser fram til å bygga nytt hus, som ho kan bli gamal i.

Husflytting på Jæren

Mange stoppa opp for å sjå på den uvanlege lasta til Klepp. Her kan du sjå TV-saka.