Vestlendingane vil ikkje ha storfylke

I Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland seier eit fleirtal nei til planane om ein vestlandsregion.

Fylker

SEIER NEI: Dei fleste vestlendingane er nøgd med fylka som dei er i dag, syner ei fersk meiningsmåling. Dei yngre er dei mest negative til ein vestlandsregion. Eldre menn er dei mest positive til regionstanken.

Foto: Fjord Norge/Ut.no/Scanpix

Mange politikarar og næringslivsfolk i vest jobbar for å slå saman dei tre vestlandsfylka. Tanken er at ein stor region i sterkare grad kan vera ei motvekt til makta i Oslo. Regionen vil skapa meir samarbeid og føra til fleire arbeidsplassar, er kongstanken.

Men dei fleste vestlendingane er nøgd med fylka som dei er i dag. Det syner ei meiningsmåling som Sentio Research har gjort for NRK:

  • I Hordaland vil 51 prosent av dei spurde halda på dagens fylke.
  • I Sogn og Fjordane er 52 prosent imot samanslåing,
  • Skepsisen er aller størst i sør: Heile 57 prosent av rogalendingane avviser tanken om vestlandsregionen.
  • LES ÒG: NRK sendte syv timer om Vestlandet

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

– Resultatet er betre enn eg hadde forventa, seier Hordalands fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap).

– Nesten 50 prosent seier jo at ein vestlandsregion er noko dei kan leva med. Og hugs at alternativet er ein tonivåmodell med sterk sentralmakt på Austlandet og lite makt ute i kommunane, seier ho.

Fylkesordførar i Rogaland Solveig Ege Tengesdal (KrF) forstår at mange er mot samanslåing.

– Eg trur folk er nøgde med det fylket dei bur i, og det er usikkert kva for innflytelse ein stor region vil gje. Men eg håpar folk ser mogelegheita som kan liggje i ein vestlandsregion, seier Tengesdal.

– Berre vi unngår nynorsk!

Eldre menn er dei mest positive til regionstanken, syner undersøkinga. Yngre er dei mest negative. 66 prosent av dei under 30 i Hordaland vil halda på dagens fylkesgrenser.

På gata i Bergen treff vi mange som gjerne vil ha ein storregion. Ein av dei er erkebergensaren Tore Austbø frå Møhlenpris.

– Det er for mykje makt i Oslo. For å få meir makt ut frå Oslo, treng vi ein større region. Det einaste som ikkje må skje, er at vi får innført nynorsk overalt, seier han.

På gaten

POSITIVE: Tore Austbø (til v.) og John Marheim vil gjerne ha storregion på Vestlandet. Eldre menn er mellom dei mest positive til planane, syner undersøkinga til NRK.

Foto: CHRISTIAN LURA / NRK

Regiondirektør Tom Knudsen trur ikkje vestlendingar flest veit kva dei seier ja eller nei til.

– Dei svarer nok mest på grunnlag av kjensler, dei veit kva dei har, men ikkje kva dei får. Derfor trur eg det er best at vi har folkevalde politikarar som kan ta ei avgjerd om vestlandsregionen, seier Knudsen.

Skepsis i Rogaland

På Amfi Madla i Stavanger er dei fleste NRK snakkar med skeptiske til tanken om å slå seg saman med nabofylkane.

– Eg tykkjer ikkje noko om det. Det blir for stort og vi får mindre påverknad. Eg trur Stavanger og Rogalandsregionen vil tape på det, seier rogalendingen Geir Dale.

Forskar Einar Leknes ved Iris er ikkje overraska over skepsisen, og han tvilar på at det blir noko av vestlandsprosjektet.

– Eg trur mange tenkjer at Rogaland er eit stort nok fylke, og at avstanden til Hordaland og Sogn og Fjordane blir for lang. Og det er ikkje sånn at det som er bra for folk i Bergen er bra for folk i Rogaland, seier han.