Hopp til innhold

Vindauget gir beskjed når det ikkje er lukka

Teknologien er her. Du kan fjernstyre vindu og dører i huset ditt på mobilen.

Kenneth Gilje, prosjektleiar i Gilje Tre med eit smart vindu

Kenneth Gilje, prosjektleiar i Gilje Tre, satsar på vindauge som kan styrast over internett.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Når eg trykker på den knappen der så får eg beskjed om at to vindauge er ulåste, og den fortel også at vindauga er på det største soverommet.

Futurehome sin app for styring av smarthus

Appen som styrer vindauge og dører hos Oddgeir Eikeskog.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Oddgeir Eikeskog kikkar ned på Futurehome-appen på mobilen sin. Han har nettopp bygd seg nytt hus sentralt i Sandnes. Der har han installert vindauge og dører med sensorar, slik at alt kan styrast frå ein app.

– Det gir meg tryggleik for at ikkje noko står ope, og så er eg er litt nysgjerrig og likar å sjå korleis ting fungerer, seier Eikeskog.

Oddgeir og Eli Serine Eikeskog har satsa på smarthusteknologi. Her saman med Sigbjørn Groven

Oddgeir og Eli Serine Eikeskog har satsa på smarthusteknologi i huset sitt. Her saman med Sigbjørn Groven frå Futurehome.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Må vera med i tida

Kenneth Gilje er prosjektleiar hos Gilje Tre, ei bedrift i Gjesdal kommune som leverer dører og vindauge til 30–40 hus over heile landet, kvar dag.

Han kikkar nøye på sensoren som er montert inne i karmen på ei av skyvedørene i huset til Eikeskog. Det er om lag to år sidan at bedrifta hans fann ut at dei måtte ha ei ny løysing til dei kundane som etterlyste smarthus-teknologi.

– Me vil henga med i tida, og me såg at det kom løysingar som ordna dette. Då me fann ein lokal aktør som tok seg av samankoplinga, så slo me til, seier Gilje.

Sikkert eller ikkje

Sensoren i dører og vindu til Gilje Tre, som gjer at dei kan styrast via ein app

Sensoren i dører og vindauge til Gilje Tre, som gjer at dei kan styrast via ein app. Her frå skyvedøra ut til terrassen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Teknologiselskapet Futurehome har utvikla appen som huseigaren kan styra på sin eigen mobiltelefon.

I fem år har dei jobba for å utvikle løysinga som styrer vindauge og dører, men som også kan kopla på solskjerming eller elektriske apparat på kjøkkenet, for den del.

Stian Øien er produktsjef, og vedgår at det kan vera ein sikkerheitsrisiko ved å leggje opning og lukking av dører og vindauge ut på internett. Likevel meiner han at den risikoen er veldig liten.

Gunnar Crawford, sjef for Smartby Stavanger

Sjef for smartbyen Stavanger, Gunnar Crawford meiner at smarthusteknologien nå er over den første eksperimentfasen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Du kan aldri vera 100 prosent sikker, men du er sikrare med eit smarthus, enn om du ikkje har eit slikt, seier Øien.

Nå er løysinga her

Sjef for smartbyen Stavanger, Gunnar Crawford, jobba tidlegare i eit teknologiselskap, som også utvikla løysingar til smarthus.

Han seier at smarthus ennå er i ei tidleg utvikling, men at det nå byrjar å gå seg til.

– Det fungerer for folk flest nå, og du treng ikkje sitja å tenkje på at det skal skje noko stort og nytt. Teknologien er jo alt her, seier smartbysjefen.