Hopp til innhold

Familien høyrde ikkje frå Maren (28) på åtte dagar

«Maren, du må gje lyd ifrå deg», skreiv Irene til dottera berre dagar før ho døydde. Mora fekk aldri svar.

Maren Ueland

Maren og leonbergeren Alf Even var gode turkameratar.

Foto: Privat

Måndag vart norske Maren Ueland (28) og hennar danske venninne Louisa Vesterager Jespersen (24) funne drepne ved Atlasfjella i Marokko.

Dei naturglade kvinnene skulle vere ein månad på fjelltur i landet.

Før drapet hadde ikkje mor til Maren (28) høyrt frå dottera på åtte dagar. Dagen kor jentene kom fram til Marokko, skreiv Maren:

sun. 9. des., 23:08

Maren Ueland:Hallo, alt bra her nere. He ikkje på mobilen så mye.

sun. 9. des., 23:10

Irene Ueland:Gudd:) Må høyra snart ifrå deg om kæ dåkke gjer og om det er gildt.

ons. 12. des., 00:37

Irene Ueland:Går det greit med dåkke?

ons. 12. des., 21:13

Irene Ueland:Maren, du må gje lyd ifrå deg så eg ikkje blir så redde for at det he skjedd noge galt. Sko helsa ifrå farmor også:)

Denne meldingsutvekslinga er gitt att med godkjenning frå mor til Maren.

Utan livsteikn

Venninnene hadde før avreise fortalt at dei skulle gå ein topptur på over 4000 meter.

– Derfor rekna eg med at dei var på fjellet utan dekning, seier mor til Maren, Irene Ueland.

Ho fortel at ho alltid har vore av den «over-uroa» typen, men at ho ikkje kunne la vere å kontakte Maren då det gjekk så mange dagar utan lyd.

– Eg følte meg litt masete, men måtte berre, seier Ueland.

Etter at ho ikkje fekk svar på sms frå dottera, sende Irene Ueland melding til den danske turvenninna Louisa Vesterager Jespersen.

«Går det bra med dere? Hva tid skal dere gå på topptur? Mvh. Irene, "bekymret mor" til Maren:)», skreiv ho til Louisa.

Det kom aldri noko svar.

Fem dagar seinare kom sjokkbeskjeden.

– Familien har det heilt forferdeleg. Det har vore eit sjokk, som gradvis siger innover dei når dei får meir informasjon, seier bistandsadvokat for Ragnar Falck Paulsen.

Bistandsadvokat Ragnar Falck Paulsen

Ragnar Falck Paulsen er bistandsadvokat for Maren Ueland sin familie.

Foto: Torkel Schibevaag / NRK

Maren (28) og danske Louisa (24) blei funne av turistar i teltet der dei overnatta, melder Morocco World News. Ein lokal guide skal ha møtt turistane som gråtkvalt fortalde kva dei hadde sett.

Bistandsadvokaten fortel at mor til Maren no er oppteken av å finne ut av kva som skjedde med dottera. Dei nærmaste har enno ikkje tatt stilling til om dei skal dra til Marokko eller ikkje.

Hylla av vener – og ukjende

«Positiv» og «engasjert» er ord som går att blant dei som no sørger over tapet av Maren Ueland.

Både mor Irene og søster Malin har fått ein straum av minneord og støtteerklæringar etter at dei delte bilete av 28-åringen på Facebook tysdag:

«Jeg vil huske Maren som en herlig jente, alltid smilende og glad».

«Glade, glitrende øyne, strålende smil, positivitet og engasjement – sluknet og borte».

«Du var et fantastisk menneske, med et hjerte av gull».

Mange marokkanarar har også tatt til tastaturet for å vise støtte til familien til den drepne.

Støtteerklæringar frå Marokko

Det strøymer inn trøystande meldingar til familien til Maren.

Foto: Skjermdump frå Facebook

– Ein person som setter spor

Naturpersonen Maren, som studerte friluftsliv ved Høgskolen i Sørøst-Noreg, nytta alle høve til å gå tur – også på ferien i Marokko.

Om hausten hadde ho gjerne korg i handa på skogsturen. Maren var nemleg lidenskapeleg oppteken av sopp. Som soppsakkunnig var ho ei eldsjel i miljøet i Midt-Telemark.

– Maren var ei fantastisk jente – initiativrik, positiv og blid. Ho hadde mange idear for foreininga, og hadde eit stort engasjement, seier Bente Lorentzen i Midt-Telemark sopp- og nyttevekstforeining.

Bente Lorentzen

Bente Lorentzen var venninne med Maren frå soppmiljøet.

Foto: Privat

– Ho er ein person som setter spor etter seg, med eit blikk, smil og humør som smittar, seier Lorentzen om venninna.

Maren sitt forhold til naturen oppstod allereie i barneåra, og blir trekt fram av dei som fortel om henne til NRK.

Ein tidlegare lærar fortel om Maren slik:

«Tidleg kom naturinteressa di til syne. Eg hugsar spesielt godt jubelen din då eg tok heile klassen med på sopptur: Me fant store mengder traktkantarell som vart til deilig suppe», skriv Synneva Erland på Facebook.

Flere nyheter fra Rogaland