Hopp til innhold

Ein vindturbin her kan sikre straum til 50 øre/kWh. Men politikarar og naboar seier nei

Kjell Frode Solheim vil bygge ein vindturbin på jordet sitt på Jæren. Den kunne forsynt nabolaget med straum og gitt straumkriseråka bønder lågare straumpris. Men inntil vidare får han ikkje lov.

Her skal vindturbinen til Kjell Frode Solheim stå

Kjell Frode Solheim vil sette opp vindturbinen til venstre i dette landskapet.

Montasje fra Solvind. Vindturbin i området rundt Kjell Frode Solheim.

Slik kjem vindturbinen til å sjå ut frå vegen viss den nokon gong blir bygd.

Montasje fra Solvind. Vindturbin i området rundt Kjell Frode Solheim.

Slik kjem vindturbinen til å sjå ut frå avstand.

Kva er verst: Dei høge straumprisane som er nå, eller å ha ein vindturbin i utsikta?

Straumprisane, meiner Kjell Frode Solheim.

Ein vindturbin, meiner dei fleste naboane hans.

– Vi har halde på med dette i 20 år. Vi lever i eit moderne samfunn og skal ha alle goda. Då må vi kanskje tole å sjå ein vindturbin, seier Kjell Frode Solheim.

Kjell Frode Solheim

Kjell Frode Solheim har hatt lyst til å sette opp ein vindturbin på eigedommen sin sidan 2004.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Han bur på Friestad ved Brusand i Hå. Han er ikkje bonde sjølv, men leiger ut jorda si til andre bønder. I tillegg er han interessert i vindkraft. I 2004 søkte han og Solvind, eit selskap som jobbar for små vindkraftutbyggingar, om å få sette opp tre vindturbinar på garden til Solheim.

Ein positiv nabo

Dei fekk konsesjon. Resten er ei lang historie om brev til og frå departement, direktorat og kommune. Ny saksbehandling fordi dei ville sette opp berre ein vindturbin, ikkje tre. Politikarar som først sa ja, sidan nei. Naboar som ikkje vil ha vindturbin i det heile.

NRK har vore i kontakt med fleire av dei, men ingen vil seie noko.

Men ein av dei vil. Både ha vindmølle, og seie det.

Asbjørn Stokkeland

Asbjørn Stokkeland skulle gjerne hatt straumpris på 50 øre/kWh. Då hadde han lagra gulrøtene over vinteren.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Asbjørn Stokkeland er nabo med paret som har latt gulrøtene stå i jorda fordi det kostar for mykje å lagre dei over vinteren.

– Vi treng straumen. For å få ned prisane, må produksjonen opp. Om vi har ei vindmølle frå eller til, ser ikkje eg som eit problem, seier han.

Stokkeland er ein av dei største gulrotprodusentane i landet.

Les også Strømkrisen: Marthe og Sigbjørn må destruere 150 mål med gulrøtter

Sigbjørn og Marthe Skjørestad vurderer å pløye ned åkeren på grunn av de høye strømprisene

Gulrotbonden bur tre kilometer unna Solheim. Stokkeland er ein av fleire som vil kunne kjøpe straum til 50 øre per kWh, ein brøkdel av kva straumen kostar i denne delen av landet.

Solheim har gitt alle i nærleiken, også dei som er motstandarar, same tilbod: Straumen frå vindturbinen skal seljast til og brukast av dei som bur i området.

Solheim og Solvind trur ein vindturbin på garden til Solheim kan produsere 8,5 MWh. Med dagens straumpris har det ein verdi på 4,5 millionar kroner.

Vindturbinen dei vil sette opp, kjem til å rekke 110 meter opp i lufta viss det eine rotorbladet peiker rett opp.

– Vi treng mat

Frå garden med gulrøter ser Stokkeland vindturbinane på Matningsdal, eit vindkraftverk med langt fleire turbinar enn ein.

Asbjørn Stokkeland

Asbjørn Stokkeland har utsikt til vindturbinar på Matningsdal.

Vindturbinar på Matningsdal i Hå

– Vi treng mat. Men når straumprisen er som den er, klarer ikkje bonden og næringslivet å få maten ut til forbrukaren. Eg tenker det er like viktig å bli mett som at det er fint å sjå rundt oss, seier han.

Les også Høye strømpriser fikk bonden til å harve ned egen grønnsakavling

Per Odd Gjestvang i Østre Toten.

Solheim fortel om motstand både frå nabolag og politisk hald. Han seier det har kosta å stå for ei slik sak åleine, men er ikkje klar for å gje opp.

– I periodar har eg tenkt at dette var veldig dumt å starte med. Men når ein ser korleis situasjonen er i dag, blir eg berre meir overtydd om at dette er noko vi må fullføre, seier han.

Erik Thoring, dagleg leiar Naturvernforbundet i Rogaland

Erik Thoring i Naturvernforbundet.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Erik Thoring er dagleg leiar i Naturvernforbundet i Rogaland. Han seier forbundet har sagt eit prinsipielt nei til meir vindkraft på land, og heller vil satse på kraft som ikkje råkar natur eller landskap.

Sjølv om det «berre» er snakk om ein vindturbin.

– Viss det blir ein her og ein annan ein annan stad, opnar ein for at dette skal bli strategien. Då vil landskapet bli ganske endra. Vi må utnytte energien vi brukar i dag, og i tillegg satse på det som har minst mogleg støy og støv og er til skade for naboar, seier han.

Les også Fikk nei til vindmølle – satte opp mobilkran

Hans Christian Høiland og mobilkranen