Hopp til innhold

Easee meiner meir dokumen­tasjon og nye klistre­merke vil løyse ladarkrisa i Sverige

Easee har levert planen for korleis dei vil løyse problemet med elbil-ladarane svenskane ikkje vil selje. – Tiltaka er beskjedne, meiner ekspert.

Easee-lader

Manglar dokumentasjon: Ladeselskapet Easee vil mellom anna sende ut nye klistremerke og merkelappar til eigarane av Easee Home og Easee Charge.

Foto: Tom Edvindsen

Den norske ladegiganten Easee har i fleire månader vore prega av salsforbod i Sverige, permitteringar og kriser.

Selskapet hadde frist til 14. juni med å levere ein plan for utbetring av dei ladeboksane som er installerte i Sverige.

Det er Elsäkerhetsverket som har kravd at Easee gjer greie for korleis dei vil løyse problemet med ladarane svenskane ikkje vil selje.

NRK har fått innsyn i deler av planen. Resten er sladda.

I dokumentet som er sendt Elsäkerhetsverket, skriv Easee at dei vil (teksten er omsett frå engelsk):

  • Gjennomføre planlagd testing av ladarane slik at dei kan levere den dokumentasjonen som manglar. Dette skal vere gjort innan 30. september.
  • Sørge for nye klistremerke og merkelappar til eigarane av ladarane Easee Home og Easee Charge. Dette vil dei truleg vere ferdige med innan mars 2024.

Samanfatta meiner altså Easee at dei vil sende over meir dokumentasjon og dele ut nye klistremerke til eigarane av dei omstridde ladarane.

I Sverige er det montert 100.000 Easee-ladarar, og selskapet må då sende ut 100.000 klistremerke.

Ikkje godt nok, seier ekspert

Jan Cato Hovde er dagleg leiar i Rejlers elsikkerhet, eit sakkunnig selskap som driv med tilsyn av elanlegg.

Han er ikkje imponert.

Jan Cato Hovde

Dagleg leiar i Rejlers elsikkerhet, Jan Cato Hovde.

Foto: Rejlers

– Planen er veldig beskjeden. Dei burde etter mitt syn tatt tak i dei tinga som mangla, men det einaste dei tenker å utbetre er å presisere dokumentasjonen sin og få på nokre klistremerke og etikettar med den informasjonen Elsäkerhetsverket seier manglar på produktet, seier Hovde.

I dokumentet har Elsäkerhetsverket lista opp ei rekke punkt Easee må rette opp i. Blant anna det mykje omtalte jordfeilvernet som svenskane meiner ikkje er tilfredsstillande.

– Det er det mest alvorlege her. Easee meiner det dei har er godt nok, men det oppfyller ikkje krava i standarden og då er det ikkje godt nok til å stå i installasjonar som er utført etter NEK400, seier Hovde.

Les også Easee kan få kjempesmell: Skal bestemme om 230.000 ladebokser må fikses

Sameie med flere Easee-ladere

– Planen trenger ikkje å vere kompleks

Hovde trur Easee-saka ender i at det må setjast inn tilfredsstillande jordfeilvern i alle installasjonane som er gjort. Han har tidlegare anslått for NRK ein kostnad på mellom 4000 og 5000 kroner per installasjon, noko som i så fall kan bli svært kostbart for det kriseramma selskapet.

Fungerande PR og kommunikasjonsansvarleg i Easee, Marthe Kindervaag, seier til NRK at selskapet er samd med Hovde om at planen er beskjeden.

– Planen er beskjeden fordi den ikkje treng å vere kompleks. Vi har lært av våre feil og ønsker å rette dei opp ved å løyse dokumentasjonsproblemet med oppdatert dokumentasjon og ny merking, seier Kindervaag.

Det var en dyster dag i lokalene til Easee da 138 ansatte fikk permitteringsvarsel.

Ladeboksselskapet Easee har vore i hardt vær denne våren.

Foto: Tom Edvindsen

Ho understrekar at situasjonen Easee har hamna i skuldast mangelfull dokumentasjon.

Med planen for utbetring meiner Kindervaag at Easee tar tak i dei tinga som ESV meiner dei manglar for å oppfylle sikkerheitskrava.

Vi jobbar no med å få på plass nødvendig dokumentasjon – også på dei punkta der vi har avvik frå standarden slik at vi er i tråd med krav frå styresmaktene, seier ho.