Dei som torturerte Jonny Andre Risvik (bilete) må også betala erstatningar til foreldra.
Foto: PrivatFire av dei involverte i tortursaka har fått fengselsstraffer i dommen som kom frå Stavanger Tingrett fredag. Jenta som er 16 år har fått 2 år med samfunnsstraff.
I ein periode på over to veker mishandla dei Jonny Andre Risvik (28) på det grovste i eit hus på Kampen i Stavanger. Risvik døydde som følgje av mishandlinga, og 13. august i 2010 blei han funnen død.
I den ferske dommen slår retten fast at det ikkje er for sterkt å seia at Risvik blei torturert til døde etter den massive, langvarige og brutale valden han opplevde.
Her er dommen:
- Mann (27) - 9 års fengsel
- Mann (25) - 5 års fengsel
- Kvinne (19) - 5 års fengsel
- Kvinne (25) - 1/2 års fengsel på vilkår
- Kvinne (16) - 420 timers samfunnsstraff
I tillegg må alle utanom den 25 år gamle kvinna betala oppreising til Risvik sine foreldre.
I dommen blir det konkludert med at alle var i stand til å forstå at massiv vald kombinert med lite mat og drikke kunne føre til at Risvik dødde. Dette til trass for at dei tiltalte hadde ein svak intellektuell fungering.
Denne evna til å forstå alvoret i det dei gjorde er noko av det diskusjonane rundt rettssaka har gått på.
- Les òg:
Dei dømde i tortursaka har ifølgje dommen ein svak intellektuell fungering. Likevel meiner retten at dei kan stillast til ansvar for å ha torturert Risvik til døde.
Foto: NRK Rogaland– For streng dom
Den såkalla hovudmannen fekk like lang fengsesstraff som aktoratet ønskja. Ei straff på ni års fengsel utan vilkår.
Sidan alle dei dømde var lettare utviklingshemma eller i nedre skiktet av normalområdet meiner Atle Helljesen er ein av grunnane til at straffa er for hard.
Foto: Erik Waage / NRKDette er ei straff forsvararen til 27-åringen er lite nøgd med. Han slaktar heile dommen og meiner at alle straffene er for strenge:
– Sjølv om det som har skjedd er svært graverande må ein ta hensyn til den situasjonen personen som skal staffast er i, seier Heljesen.
Han meiner at straffenivået i denne tortursaka har auka i forhold til tidlegare liknande saker. Det er framleis ikkje avgjort om klienten hans vil anka dommen.
- Les òg:
Ingen kritikk til kommunen
Den 25 år gamle mannen har hatt frivillig opphald i eit kommunalt bufellesskap og har lenge tatt medisin mot sine raserianfall.
Forsvarar for den 25 år gamle mannen i tortursaka i Stavanger Anne Kroken veit framleis ikkje om dei vil anka dommen.
Foto: NRKUnder saka har det kome fram at han under lengre budde hos andre og lot vera å ta medisinen sin.
Dette kjende dei tilsette ved bufellesskapet til, og det har kome opp spørsmål om kvifor det ikkje blei tatt i bruk tvangsmedisinering. Retten finn likevel ikkje grunn til å kritisera kommunen for oppfølginga deira av 25-åringen står det i dommen.
Vil ha soning på institusjon
I sin prosedyre meinte aktor Arvid Malde at 25-åringen burde dømmast til seks år fengsel. Den endelege dommen er mildare, noko forsvararen til 25-åringen, Anne Kroken, er nøgd med:
– Eg har lest godt gjennom dommen og ser at retten har vektlagt hans tilståing og hans svake fungering. Det står også i dommen at soninga bør skje på institusjon, og det meiner eg me må prøva å få til, seier ho.
Ho skal i kveld gå gjennom dommen med sin klient og vil då vita kva dei gjer vidare.