Hopp til innhold

Fylkesmannen: – Kommunen svikta Jonny

Jonny Andre Risvik fekk ikkje forsvarleg oppfølging frå Stavanger kommune. Det har no Fylkesmannen i Rogaland slått fast.

Kampen dødsfall

I dette huset ble Jonny Andre Risvik funnet død i august 2010.

Foto: NRK/Privat

I ei pressemelding skriv Fylkesmannen i Rogaland at den tilsynsmessige oppfølginga etter den såkalla Kampen-saka er avslutte.

Dette er saka der den omsorgstrengande Jonny Andre Risvik døydde etter å ha vorte mishandla av ein vennegjeng i Kampens gate i Stavanger i august 2010.

Fylkesmannen konkluderer med at Jonny Andre Risvik ikkje fekk forsvarleg oppfølging frå kommunen. Det vert også peikt på svikt når det gjeld ein av dei som deltok i mishandlinga som førte til at Risvik døydde.

Snudde om granskning

Stavanger kommune sa først at dei ikkje ville granska saka, men så snudde dei og formannskapet ba Fylkesmannen i Rogaland om å føre tilsyn med tilbodet rundt Jonny André Risvik og dei andre involverte i saka.

Føremålet med tilsynet var å kartlegge om dei involverte fekk forsvarlege helse- og omsorgstenester frå Stavanger kommune.

Hovudkonklusjonen frå Fylkesmannen er at kommunen burde ha vore meir aktiv i å tilby tenester som fleire av brukarane hadde behov for og som dei samtykte til. Fylkesmannen kan ikkje sjå at det var manglande heimel i lovverket, til dømes til bruk av tvang, som førte til bristen i tenestene.

Svikt når det gjeld to av dei involverte

Brevet som i dag er sendt til Stavanger kommune, tek for seg tenestene som vart tilbydd fem brukarar. Fylkesmannen har kome til fylgjande konklusjonar:

Brukar A: «..fikk forsvarlige tjenester etter kommunehelsetjenesteloven, sosialtjenesteloven og lov om sosiale tjenester i NAV.»

Brukar B: «..fikk oppfylt sine rettigheter etter lov om barneverntjenester.»

Brukar C «..hadde fått vedtak på forsvarlige tjenester, men Stavanger kommunes oppfølging var ikke forsvarlig etter kommunehelsetjenesteloven og sosialtjenesteloven.»

Brukar D: «…fikk forsvarlige tjenester etter lov om sosial tjenester og sosiale tjenester i NAV, men ut fra ******* relativt svake fungering, mener Fylkesmannen at Stavanger kommune burde hatt en klar strategi på hvordan ***** skulle følges opp med bolig og tjenester når de valgte å si han opp fra den kommunale boligen. Fylkesmannen kan ikke se at Stavanger kommune vurderte konsekvensene av oppsigelse av bolig.»

Brukar E: «...ble ikke forsvarlig fulgt opp av Stavanger kommune, ved at han ikke fikk tildelt tjenester som han faktisk hadde behov for. Fylkesmannen finner også at kommunen i løpet av våren 2010 kunne gjort mer for å hjelpe ***** med å skaffe egen bolig, uten at vi kan se at kommunen på dette punktet har handlet i strid med loven.»