– 26-åringen bør få ni år for tortur

Aktor meiner ni år i fengsel er ei sømeleg straff for 26-åringen som har blitt peika ut som hovudmannen i tortursaka i Stavanger.

Grafikk, dødsfall Stavanger

Aktor meiner at tre av dei tiltalte i tortursaka bør bli dømt til fengsel utan vilkår. (Mannen som var 24 år då saka rulla opp er nå 25 og jenta som var 15 år er nå 16)

Det er nå prosedyrar i tortursaka i Stavanger, der Jonny Andre Risvik over fleire dagar blei torturert til døde i fjor.

Det er 26-åringen, som dei andre tiltalte i saka har peika ut som hovudmann som bør få den strengaste straffa meiner aktor Arvid Malde.

– Strafferama bør vera ni år

– Dette handlar om massiv og brutal valdsutøving over tid. Slag, spark, skålding med gloheitt vatn, brenning med lighter og sigarettar er ting som alle har karakter av tortur, sa Malde i retten.

Han meiner strafferama for dette må vera ni år, og dette er straffa han meiner den såkalla hovudmannen, 26-åringen, bør få.

Han meiner mannen på 25 år og kvinna på 18 år bør få seks år og ein seks månadars vilkårsdom for kvinna på 25 år.

Mildare straff for 25 år gamal kvinne

16-åringen bør få samfunnsstraff i 420 timar, med ei gjennomføringstid på to år, meiner aktor.

Han meiner vidare at fire av dei fem tiltalte skal dømmast for å ha mishandla Johnny Risvik til døde. Kvinna på 25 berre for lekamskrenking, noko som er mildare enn tiltalen.

Aktor meiner ho heller ikkje bør bli dømt for fridomskrenking, slik som dei andre fire.

– 200.000 i oppreising

Alle har erkjent å ha deltatt i den massive valden mot Risvik, men ingen erkjenner skyld for dødsårsaka.

Aktor konkluderar med at alle fem kunne innsett at Jonny Risvik ville døy som følgje av den ekstreme valden dei utsette han for.

Under torturen i Stavanger ville han til lege for indre skadar. Nasen knekte, og han fekk verken mat eller drikka på ei veke.

Saka held fram med forsvararane sine prosedyrar.

Bistandsadvokat Kari Idsøe representerar foreldra til Risvik og meiner dei bør få oppreising på totalt 200.000 kroner frå fire av dei tiltalte.

Idsøe meiner oppreisinga frå den femte kvinna (25) bør vera på mellom 20.000 og 150.000.

I tillegg til dette meiner ho at alle dei tiltalte bør betala vel 20.000 for tap i samanheng med gravferda.

Det er opp til retten å fastsetja beløpa.