Hopp til innhold

Denne lyspæra har overlevd ein flykrasj og 70 år på havbotnen

– Ganske utruleg at ho framleis fungerer, seier ein av dei som jobbar dugnad med flyet.

Det var fleire flyentusiastar som fekk seg ei overrasking då ei lita lyspære blei sett inntil eit 9-volts-batteri i helga.

Pæra er ei av fleire smådelar etter eit tysk krigsfly, som har ligge på havbotnen i 70 år. Ingen hadde trudd at ho skulle fungera.

– Det var ei stor overrasking. Pæra såg ganske heil ut, men sokkelen var laus. Pæra blei reingjort og festa til sokkelen, så fungerte ho, seier Egil Endresen, som er styreleiar i venneforeininga til Flyhistorisk museum Sola.

Denne lyspæra er over 70 år, og virker fremdeles

Lyspæra fungerer framleis, sjølv etter ein flykrasj og 70 år på havbotnen.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK
Deler av flyet står nå utstilt på Flyhistorisk museum i Sola.

Deler av flyet som lyspæra var i, står nå utstilt på Flyhistorisk museum i Sola.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Han reknar med at pæra blei produsert på 30-talet i Tyskland.

Nyheita om at ho fungerer overraskar også ekspert i energi- og næringslivshistorie på BI, Lars Thue.

– Dette er jo aldeles strålande og frykteleg morosamt. Eg vil også tippa at det er temmeleg unikt, seier Thue.

Heinkel 115 hevet etter 70 år

Slik såg flyvraket ut då det blei heist opp i 2012.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Bombeflyet som hamna på havbotnen

Det var 26. desember 1942 eit tysk bombefly av typen Heinkel 115 gjekk inn for landing i Hafrsfjord utanfor Stavanger.

Flyet skulle kunne landa på sjøen, men feste til den eine flottøren knakk. Dermed velta flyet og søkkte.

Heinkel 115

Ifølgje Store norske leksikon er Heinkel He 115 eit tysk tomotors rekognoserings- og bombefly (sjøfly) brukt under andre verdskrig. Flyet blei brukt av både norske og tyske styrkar under angrepet på Noreg i 1940.

Luftwaffe-flyet står ikkje i dei offisielle tyske tapslistene, så at vraket med eit vengespenn på 22 meter låg på havbotnen var heilt ukjent fram til Sjøkartverket testa sonarutstyr i fjorden i 2005.

I 2012 blei flyet heist opp av entusiastar. Deretter blei det delt opp og lagt i ferskvatn i fleire år. Nå er den tidkrevjande jobben med å setja flyet saman igjen i gang på Flyhistorisk museum i Sola.

Siegfried Hernes

Siegfried Hernes er tidlegare pilot, men jobbar nå med å restaurere Heinkel 115. Han seier det er utruleg at pæra ennå fungerer.

Foto: Anna Sørmarken Vestly / NRK

Det er i dette arbeidet lyspæra frå cockpiten blei tatt ut og testa.

– Det er ganske utruleg at ho framleis fungerer, seier Siegfried Hernes, som jobbar med å restaurere flyet.

Her blir vraket heist på land

Gjemt på bunnen av Hafrsfjord lå en kjempe fra andre verdenskrig i 70 år. I 2012 ble det enestående tyske krigsflyet løftet opp fra gjemmestedet.

Gøymt på botnen av Hafrsfjord låg ei kjempe frå andre verdskrig i 70 år. I 2012 blei det eineståande tyske krigsflyet løfta opp frå gøymestaden.