Hopp til innhold

MDG går frå 1 til 15 representantar i Rogaland

Miljøpartiet dei Grøne har fått inn representantar i åtte nye kommunar i Rogaland. Mange av dei har aldri vore i kommunestyre før, men dei har trua på å gjera kommunane sine grønare.

God stemning etter et fantastisk valg for Miljøpartiet de Grønne. Men Torfinn Ingeborgrud nekter for at han er overrasket.

SJÅ VIDEO: Det var god stemning på Miljøpartiet dei Grøne si valvake måndag kveld, og det med god grunn: dei gjekk frå éin til 14 representantar i rogalandspolitikken.

Vallogo

– Det er enormt mykje å setja seg inn i, men det blir veldig kjekt! Me ønskjer jo å koma oss inn der det skjer.

Anne Helen Eide i Time er ein av Miljøpartiet dei Grøne (MDG) sine nyvalde representantar i Rogaland. Partiet går frå éin representant i heile fylket, Torfinn Ingeborgrud i Stavanger, til 15. Dei er fordelt på ni kommunar og to representantar på Fylkestinget. I skrivande stund ligg MDG inne med fire representantar i Stavanger. Dei er heilt på vippen, så det kan bli tre, og dermed 14 totalt i fylket, når finteljinga er ferdig onsdag føremiddag.

Valgvake hos Miljøpartiet de grønne

LØFTA TAKET: Valvaken hjå Miljøpartiet dei Grøne kunne by på nærast euforisk stemning i Oslo.

Foto: Onsøien, Ole Gunnar / NTB scanpix

Og som mange av dei andre nyvalde grøne representantane, er Anne Helen Eide ikkje akkurat ein ringrev i politikken.

– Eg har vore vara for Arbeidarpartiet tidlegare, men har berre vore inne i kommunestyresalen to gonger som politikar.

Då er det godt å ha nettopp ein politisk ringrev i den andre enden av telefonlinja, nærmare bestemt Torfinn Ingeborgrud i Stavanger.

– Når det gjeld forhandlingar og slike ting så er det han som har erfaring med slikt. Eg vil spørja han korleis ting fungerer i Stavanger og korleis det fungerer her hjå oss, seier Eide.

Vil gjera Ueland grønare

I Sola kommune, der om lag 85 prosent av arbeidsplassane er tilknytt olje- og gassnæringa, har MDG fått 2,5 prosent av røystene. David Moen skal representera partiet i kommunestyret i den neste perioden.

– Det er veldig kjekt å få koma inn. Eg kan ikkje klaga på det.

– Trur du at du får ordførar Ole Ueland til å bli litt grønare?

– Me skal nok få til det! Kunnskap kan gjera mykje, så når han får kunnskap om det me trur på, så trur eg at det skjer små endringar her og der, seier Moen.

MDG i Stavanger

Miljøpartiet dei Grøne har fått inn representantar i åtte nye kommunar i Rogaland. Mange av dei har aldri vore i kommunestyre før, men dei har trua på å gjera kommunane sine grønare.

Foto: Eirin Larsen / NRK

– Blir fint å fordela arbeid

Endringa er stor frå førre val. Då var det berre Torfinn Ingeborgrud som kom inn i Stavanger. No gler han seg over at han får fleire med seg på laget.

– Først og fremst vil eg merka det i bystyret i Stavanger, for der har eg vore i ei einmannsgruppe. Det er ganske slitsamt fordi det er store mengder sakspapir. Det blir heilt fantastisk å fordela det på fleire.

At dei nye MDG-representantane ikkje har erfaring frå kommunepolitikken, meiner Ingeborgrud kan vera ein fordel.

– For mange er det ein fordel at dei er ferske. Då kjem det nye tankar inn. For mange kommunestyre er det bra med utskifting, seier Dei Grøne-veteranen.