Hopp til innhold

Festkveld for Miljøpartiet i Stavanger

Miljøpartiet dei Grøne (MDG) får inn fire representantar i Stavanger, utan å ta stemmer frå dei andre miljøpartia i byen.

MdG reax i Stavanger

MDG sin toppkandidat i Stavanger, Torfinn Ingeborgrud, sin reaksjon på dei første tala som kom inn.

Vallogo

– Det har vore eit svært bra klima- og miljøval for Stavanger sin del, seier Torfinn Ingeborgrud frå MDG, som både er inne i bystyret i Stavanger og Fylkestinget i Rogaland.

Han gler seg over at framgangen ikkje har gått utover dei andre såkalla miljøpartia.

– Det blir hevda at det rår ein slags kannibalisme mellom miljøpartia, men i Stavanger går både SV og Venstre fram, seier han.

God stemning etter et fantastisk valg for Miljøpartiet de Grønne. Men Torfinn Ingeborgrud nekter for at han er overrasket.

Såg best ut i starten

Men det er utan tvil MDG som går mest fram av dei nemnde partia, med heile 3,9 prosentpoeng. Det såg likevel ut til å bli langt betre ei stund.

Då førehandsstemmene blei talte opp var MDG inne med fem representantar. Deretter gjekk det ned til fire då 60 prosent var talt opp, så blei det tre, og så blei det fire igjen.

– Eg har gått rundt og trudd at me skulle gå litt ned samanlikna med meiningsmålingane tidlegare, men ein får jo litt trua når dei gode tala kjem inn og folk byrjar å gratulera deg. På den måten var det jo litt skuffande, men alt i alt er dette eit veldig bra val.

– Kva tenker du om valet partiet gjer på landsbasis?

– Tidlegare har me vore eit parti for dei store byane og stortingsval, men dette har rett og slett vore eit gjennombrot for MDG som eit kommuneparti.