Sidan 10. juni i år har Byhaugtunnelen i Stavanger vore stengd. Bygginga av Eiganestunnelen i Ryfast-prosjektet er årsaka.
Den nye tunnelen skal gå berre 1,70 meter under Byhaugtunnelen, og derfor må sistnemnde forsterkast.
- LES OGSÅ:
I heile sommar har det blitt jobba med dette, og no er tunnelen snart klar.
– Arbeidet er stort sett ferdig. Og det har gått etter planen. Me har hatt ein flink entreprenør som har gjort jobben på ein god måte, seier prosjektleiar for Ryfast, Gunnar Eiterjord.
No er det berre testing av det elektriske anlegget som står igjen.
– Over helga skal me testa om alt det elektroniske utstyret fungerer som det skal, gjer det det, opnar me som planlagt tunnelen på tysdag, seier Eiterjord.
Arbeidet med tunnelen har i periodar ført til lange køar som følgje av omkøyringsruter, men no kan ein altså høgst sannsynleg køyre som normlt frå og med tysdag.