NRK Meny
Normal

Slik flaut trafikken då tunnelen vart stengd

Byhaugtunnelen stengde ved midnatt. Det førte til lange køar i Tananger og på Sola i morgontimane.

I dag stengte Byhaugtunnelen i Stavanger. Endra køyremønster rundt sentrum var venta å skapa store køar. Sjå korleis det såg ut frå lufta.

SJÅ VIDEO: Slik såg det ut frå lufta i morgontimane i dag, etter at tunnelen vart stengd.

Det vart ikkje kaos, men stenginga av Byhaugtunnelen i Stavanger førte mellom anna til køar og trafikkproblem på Sola og i Tananger i morgonrushet.

Trafikken sørover på E39 blir leia forbi Risavika og flyplassen på Sola medan tunnelen er stengd.

– Ved flyplassen var det mykje bil og lange køar, fortel reporter Morten Nesvik som har følgt trafikken frå helikopter.

Lurer du på kor du skal køyre? Her kan du lese om omkøyringsvegane

I Øvre Stokkavei er det også full stopp i retning mot Misjonsveien, fortel reporter Svein Jacob Mathisen kl. 08:45.

Kø i Randagbergveien

MYKJE BIL: Det er meir bil enn normalt i Randabergveien.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Mykje bil er det også på Randabergveien, som er ein av omkøyringsvegane, fortel reporter Johan Mihle Laugaland kl. 07:45.

Betre enn frykta

Elles ser det ut som om stengingen av Byhaugtunellen så langt har gått betre enn frykta.

– Me flaug over Tjensvollkrysset, og der var det nesten ikkje ein einaste bil å sjå, fortel Nesvik.

Tjensvollkrysset

LITE BIL: Tjensvollkrysset var nesten tomt for bilar i morgontimane.

Foto: Morten Nesvik / NRK

Vegvesenet oppmoda folk om å køyre kollektivt, sitte på med ein ven eller bruke sykkelen. Og fleire ser ut til å ha høyrt på oppmodinga.

Stengde før tida

Årsaka til at tunnelen er stengd er arbeid i forbindelse med Ryfastutbygginga.

Sjølv tok prosjektleiaren for Ryfast, Gunnar Eiterjord, sykkelen i bruk i dag. Han meiner det har gått som forventa.

– Det glir sakte, men det ser rimeleg greitt ut. Me hadde forventa kø. Dette er et vegnett som ikkje er berekna til å ta så mykje trafikk som dette, så difor hadde me forventa at det kom til å gå litt treigare, seier Eiterjord.

Tunnelen vart stengd fjorten dagar før det som opphavleg var planen, årsaka til det er at ein ville vera sikker på ein vart ferdig med arbeidet før sommarferien er over, fortel Eiterjord.

Tunnelen skal etter planen vera stengd fram til 12. august.

Byhaugtunnelen vart stengd i dag. Mange tok sykkelen i bruk.

SER GREITT UT: Ryfast-prosjektleiar Gunnar Eiterjord om trafikken.