Hopp til innhold

– Gjekk frå 12 til 40 m/s på fem minutt

Vinden auka kraftig på kort tid på Bore i går kveld, og festivalleiinga meiner dei ikkje kunne ha føresett at det skulle bli så ille. Heller ikkje på Viste meiner leiinga at dei burde ha avslutta festen tidlegare.

Scene på Viste

Slik ser scena på Viste ut dagen deretter.

Foto: Erik Waage / NRK

– Det er uheldig at det blei som det blei, seier styreleiar for sommarfesten på Viste, Beate Bie.

Det har blitt arrangert sommarfest på Viste i åtte år, men ho har aldri opplevd liknande som i går.

Ho var sjølv med på evakueringa, då kraftige vindkast gjorde situasjonen svært farleg for alle på området.

Før festen starta hadde leiinga hatt møter med politi, brannkorps og vaktene, for å diskutera korleis dei skulle handtera situasjonen om noko skulle skje.

Blei skada på sommerfesten på Viste

Tre personar fekk lettare skadar.

Foto: Per Øysten Kvindesland / NRK

Trudde ikkje det skulle bli så gale

Nær det verst tenkelege skjedde. Tre fekk lettare skader, telt blåste av garde. Vêrmeldingane var ikkje så gode, men dei var ikkje førebudd på det som kom midt i konserten til Åge Aleksandersen.

– Me hadde ein plan for det verst tenkelege, og den følgde me. Folk blei raskt frakta vekk frå området.

Ho skryt av måten alle partar handterte situasjonen, og fekk alle i tryggleik. Ho meiner også at publikum takla det heile fint.

– Det gjekk nokre sekund før folk forstod alvoret, men etter kort tid skjønte dei fleste at dei måtte følge oppmodinga.

Artikkelen held fram under videoen

Rundt 2300 personer er evakuert fra strandfestivalen på Bore på Jæren og sommerfesten på Viste utenfor Stavanger. Årsaken er sterk vind i området.

– Folk var ikkje redde

Trass den dramatiske videoen med folk som spring vekk frå området, fekk ikkje styreleiaren inntrykk av at folk var redde.

– Eg opplevde ikkje at nokon var redde for sin eigen tryggleik då dei var her, seier ho.

Burde festen ha blitt stoppa tidlegare?

– Nei, det meiner eg ikkje. Me hadde vindmålarar på scenen, og stoppa konserten før me hadde kome til eit kritisk punkt. Det gjorde at me fekk avgrensa skadane så mykje som me gjorde.

Førebels har ikkje leiinga oversikt over dei materielle skadane.

– Området var sikra i natt, så det er berre i morgontimane me har fått gått inn og sett. No skal alle som eig utstyr som har blitt brukt, kartlegga kva som har blitt øydelagt, og så får me ta det derfrå.

Artikkelen held fram under videoen

Det blåste kraftig på Viste, då uveret Lena herja.

Får ikkje pengane igjen

Åge Alexandersen måtte gå av scena midt i konserten, og DumDum Boys rakk ikkje å få spele ein einaste song. Konsertgjengarane kan likevel ikkje vente seg å få pengar igjen for billettane.

– Det er ikkje vanleg å refundere billettane for konsertar som allereie har starta. Avgjera om å ikkje refundere billettane er teke på bakgrunn av kva me er forplikta til reint juridisk, og med tanke på festivalens vidare liv, skriv Bie i ei pressemelding.

Bongar for drikke som ikkje er brukt blir derimot refundert. Bongane kan leverast til Viste Strandhotell i ein lukka konvolutt med namn, kontaktinformasjon og bankkontonummer, informerer festleiinga.

Vindkast på 40 m/s

Festivalen Lydbølger på Borestranda på Jæren vart også hardt råka av uvêret. Der vart om lag 1500 festivaldeltakarar evakuerte, men ingen vart skadde.

Og det priser festivalsjefen seg lykkeleg over i dag.

– Eg er veldig glad for at me bestemte oss for å få folka ut av telta då me gjorde, og at ingen vart skadde, seier Per Arne Flesjå Zahl.

Klokka halv åtte i går kveld snudde plutseleg vinden, og herjingane vart intense.

– Den vindmålinga som eg har sett på viser at vinden gjekk frå 12 meter i sekundet, til 40 på fem minutt, fortel han.

Vind på 40 m/s

Vinden auka kraftig i styrke på kort tid.

Foto: Per Arne Flesjå Zahl

Og det merka dei på festivalområdet.

– Han som hadde ansvaret for matteltet såg at det byrja å blafre, og då bestemte me oss for å byrje evakueringa. Politiet kom kort tid etter og hjelpte til, fortel Flesjå Zahl.

Han meiner at dei ikkje kunna ha føresett at det kom til å bli så ille som det blei.

– Me følgde med på vêrmeldingane heile tida, men ifølgje dei skulle det verste vêret koma lenger nord. Me visste at det kunne bli ille, men ingen hadde rekna med at det skulle koma så sterk vind, seier han.

Artikkelen held fram under videoen

Då festivalen vart avlyst som følgje av sterk vind, vart deltakarane evakuert og frakta i bussar til Bore samfunnshus.


Taper pengar

Forutan om skadar på tre telt, er dei materielle skadane små. Dei har ikkje fått noko skade på det tekniske utstyret, likevel taper festivalen pengar på at dei måtte avslutte tidlegare enn planlagt.

– Det såg ut til at festivalen kom til å gå bra økonomisk i år, men no har me tapt pengar på mat og ølsal. Det står att å sjå kor store tap det er snakk om og kva konsekvensar det får for framtidige festivalar, seier Flesjå Zahl.

Festivaldeltakarane vil heller ikkje her få refundert pengar for billettane.

– Festivalen var allereie godt i gang. I tillegg er me ansvarlege for å betale artistane som var booka inn.

Evakuerer alle fra festival på Bore

Slik såg det ut på Bore då det blåste som verst i går kveld.

Foto: Magnar Larsen