– Folk sprang overalt, det var heilt vilt

Festivaldeltakarar fortel om kaos og ville tilstandar før dei vart evakuerte frå Borestranda. Politiet har no fått evakuert alle frå staden.

Evakuerer alle fra festival på Bore
Foto: Magnar Larsen

– Det var heilt vilt. Som på ein film, fortel Marit Hals Bjelland.

Ho var til stades på festivalen Lydbølger på Borestranda. Me møter ho på samfunnshuset på Bore. Staden der dei evakuerte festivaldeltakarane no blir frakta til i bussar.

Ho fortel at det oppstod kaos på festivalen då vinden blåste som verst.

Evakuerte til Bore samfunnshus

Marit Hals Bjelland (t.v) var blant dei evakuerte festivaldeltakarane.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen

– Alle sprang overalt og folk såg telta sine fly av garde. Folk tviheldt på eigedelane sine. Politiet ropte og høia. Det var ville tilstandar rett og slett, seier Hals Bjelland.

– Det var jo berre å halde fast på sakene sine og satse på at ein fekk med seg det ein hadde, seier ho vidare.

Ei anna som var på festivalen er Lene Eide.

– Det var ganske vilt. Plutseleg så føyk den eine sida på teltet der drikka og maten var, vekk. Då vart me kasta ut derifrå til musikkteltet. Men så kom plutseleg masse politifolk springande inn og jaga oss ut derifrå og.

– Då me kom ut såg me at telt flaug i lufta, det var som ein krigstilstand rett og slett, seier Eide.

Evakuert frå Borestranda

Dei evakuerte vart frakta i bussar til samfunshuset på Bore.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen

Prøver å få folk heim

– Vêrforholda gjorde at det ikkje lenger var forsvarleg å halde fram med festivalen, difor valde me å avslutte den og evakuere folk derifrå, fortel politibetjent Helge Ole Søllesvik.

Det er ikkje meldt om at nokon har blitt skadde.

Om lag 1500 festivaldeltakarar har blitt evakuerte frå Borestranda, klokka 23:38 melder politiet at dei no er ferdige med evakueringa og at festivalleiinga har kontroll på staden.

Mange av dei evakuerte har blitt frakta til Bore samfunnshus.

Helge Ole Søllesvik

Politibetjent Helge Ole Søllesvik på Bore samfunnshus.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen

– Mange har kome seg heim på eigehand, men dei som ikkje har det har blitt frakta her til Bore samfunnshus i bussar, fortel politibetjent Helge Ole Søllesvik.

Førebels har det kome over hundre personar til samfunnshuset og fleire er venta. No jobbar politiet med å skaffe dei transport vidare heim.

– No kjem dei inn her og får varme seg litt, og så får me taxiar eller kjenningar til å frakte dei evakuerte festivaldeltakarane heim, seier Søllesvik.

Evakuerte på Bore

Stemninga var god blant dei evakuerte festivaldeltakarane på Bore samfunnshus.

Foto: Birk Florian Fischer Magnussen