Hopp til innhold

Bønder på Vestlandet står fast

I Rogaland har det kome dobbelt så mykje regn som i fjor. I Bergen har dei hatt rekordnedbør i juli. Bøndene på Vestlandet får ikkje slått graset sitt. Det er for vått.

Bonde Mats Einar Skeie frå Avaldsnes får ikkje starte med andreslåtten.

Bonde Mats Einar Skeie frå Avaldsnes får ikkje starte med andreslåtten.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Mats Einar Skeie står midt ute på eit av jordene sine på garden på Avaldsnes på Karmøy.

Graset "legg seg" når det blir for mykje regn

Graset 'legg seg' når det blir for mykje regn, slik som nå.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Rundt han er det gras, som for lengst burde vore i siloen, men slik har det ikkje gått denne sommaren.

– Når graset ligg slik som dette.... Det er me ikkje særleg glade i. For nå har regnet gjort at graset har lagt seg. Og når det ligg heilt flatt så kjem det ikkje luft ned. Då byrjar graset å råtna. Det blir gult og får dårleg smak, seier Skeie.

Saknar sola

- Det er irriterande. Eg vil ha fint vér, slår Skeie fast.

Juli månad har vore prega av mykje nedbør, mest dobbelt så mykje som ifjor. Det betyr at Skeie er fint nødt til å vente før han kan begynne å slå andreslåtten.

Ola Andreas Byrkjedal

Ole Andreas Byrkjedal er leiar i Rogaland bondelag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Og Skeie er ikke den eneste bonden som er utolmodig om dagen. Ole Andreas Byrkjedal er leiar i Rogaland bondelag og fortel at bønder i heile fylket nå venter på betre vér.

– Nå skulle siloslåtten vore i full gong over heile fylket. Men på grunn av dei uvanleg store nedbørsmengdene over lengre tid, så sit me her og er frustrerte, seier han.

Vått gras som er klart til å bli slått

Graset veks godt, men jorda er så blaut til at bonden sitt utstyr for å slå, søkk ned på jordet.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Regn fører til skadar

– Nå byrjar det å hasta, for når graset står ute i desse nedbørsmengdene så blir det utvakse og det tapar seg i kvalitet, seier bondelagsleiar Byrkjedal.

Han veit at det ikkje berre er kvaliteten på graset som blir dårlegare. Det er også stor fare for at innhaustingsmaskinane søkk ned på jordet, og at konsekvensen blir køyreskadar på markene til bonden.

Sjekkar Yr

Karmøybonde Mads Einar Skeie kikkar ofte på mobilen vérmeldinga på mobilen sin i desse dagane. Men han har ikkje latt mismotet overta heilt.

– Regn på måndag og på tysdag. Men på onsdag skal det bli betre. Då snur det. Me satsar på det, seier han og ser opp på regntunge skyer.

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg