Hopp til innhold

Bli med inn i dei nye studentbustadane i Bjergsted

Stavanger set fart på bygginga av studentbustadar. Men det trengst betre og meir føreseielege støtteordningar, meiner Høgre-ordførar Christine Sagen Helgø, og etterlyser løn for strevet frå kunnskapsministeren.

I går opna dei 70 splitter nye studentbustadane i Haugesund sentrum, for studentar som høyrer til Studentsamskipnaden Stord/Haugesund.

230 nye til Bjergsted

I Bjergsted i Stavanger er også nye studenthyblar klare for innflytting, og 230 studentar skal inn hit dei neste vekene. Allereie har nokon etablert seg på dei nye romma sine, og tilbakemeldingane er gode.

– Det har vore kjempekjekt. Det er fine bustadar og greitt med fellesrom, seier studenten Marianne Østebø.

Stavanger setter fart på byggingen av studentboliger. Men det trengs bedre og mer forutsigbare støtteordninger, mener Høyre-ordfører Christine Sagen Helgø. Hun ber kunnskapsministeren belønne de som har tomter og ferdige boligprosjekter til studentene.

SJÅ REPORTASJEN: Her er Marianne Østebø frå Suldal, Dorothea Økland frå Haugesund, Stavanger-ordførar Christine Sagen-Helgø og Øyvind Lorentzen frå Studentsamskipnaden.

Vil ha løn for strevet

– Stavanger har låg dekningsgrad når det gjeld studentbustadar. Det er dette prosjektet med å auka. Det er viktig å få til fleire studentbustadar. Sjølv om det i år truleg er mykje lettare å få bustad på leigemarknaden enn før, så er det ikkje sikkert den situasjonen varar i mange år framover, seier ordførar Christine Sagen Helgø (H).

Stavanger har frigjort tomter i sentrum, på Madla og Ullandhaug, og dei brukar pengar frå eiga kommunekasse. Men Stavanger-ordføraren vil gjerne at kunnskapsministeren gir dei løn for å satsa, og spør etter pengar frå staten.

– No må pengane liggja på bordet når studentbustadane er ferdig planlagde, slik at det ikkje skal vera opp til kommunen sin økonomi om ein får på plass studentbustadane. Mi melding til kunnskapsministeren at me må få til ei betre og meir føreseieleg løysing for studentbustadar, og at me må få auka talet bustadar, særleg i dei store byane der det er vanskelegast å få seg ein plass å bu, seier Sagen Helgø.

 Studentboligene i Bjergsted i Stavanger

Dei nye studentbustadane i Bjergsted blir offisielt opna 18. august.

Foto: Mari Friestad / NRK