Hopp til innhold

Blei Lotto-millionær på laurdag

– Dette er ikkje ein spøk? Hæ? Nei, nå byrjar eg å grina, seier Karina frå Kvernaland når ho høyrer at ho har blitt Lotto-millionær.

Lotto-millionær Karina Rege Olsen frå Kvernaland i Sandnes/Klepp

Lotto-millionær Karina Rege Olsen frå Kvernaland, rett etter at ho har fått beskjeden frå Norsk Tipping.

Foto: Privat

Karina Rege Olsen (37) frå Kvernaland, på grensa mellom Time og Klepp, vann 2.346.245 kroner i Lotto på laurdag.

Førstepremiepotten var på over 14 millionar og blei delt mellom seks spelarar.

Var på jobb

Karina Rege Olsen var på jobb på Sivdamheimen på Bryne, då ho fekk beskjeden frå tippeselskapet, skriv Norsk Tipping.

Ho starta feiringa med kollegaene sine med det same ho fekk nyheten.

– Det er det sjukaste eg har vore med på. Eg elskar deg for at du ringer og fortel meg dette, seier ho til den tilsette frå Norsk Tipping, som er på tråden.

Vinnarrekka i Lotto, laurdag 6.august 2016

Vinnarrekka i Lotto, laurdag 6.august 2016.

Foto: Norsk Tipping

Klar for ny telefon

Den neste som skulle få beskjed var mannen.

– Han kjem ikkje til å tru meg. Dette er sjukt. Heilt utruleg, seier den glade vinnaren.

– Og planane for å bruke vinnarpengane?

– Eg skal i alle fall ta med barn og mann på ein skikkeleg fin sydenferie!