Hopp til innhold

Skulle konfrontera bilist - blei kutta med kniv

– Eg har høyrt om verbale trugslar etter farlege situasjonar i trafikken, men aldri at nokon har blitt fysisk skadd med kniv, seier lensmannen i Gjesdal etter knivdramaet som skjedde ved eitt trafikklys i går.

Det Gjesdalbuen som først omtalte mannen i trettiåra som i går var på veg frå Gjesdal i Rogaland til Sirdal i Vest Agder, og som hamna i eit knivdrama på vegen.

Trakk foldekniv og kutta i fingrar

Mannen har nemleg forklart for politiet at ein annan bil køyrde forbi han, la seg like framfor og bremsa kraftig opp. Lensmann i Gjesdal, Kåre Birkeland, forklarar kva som skjedde vidare då dei to bilane kort tid etter måtte stoppa på raudt lys på grunn av rassikringsarbeidet som går føre seg ved Ragsvatnet.

– Mannen som hadde blitt køyrd forbi gjekk ut av bilen og skulle snakka med bilføraren som hadde teke den farlege forbikøyringa. Då trakk bilføraren ein foldekniv og veifta med den mot mannen i trettiåra, seier Birkeland.

Han prøvde å forsvara seg med hendene og fekk i den samanheng eitt kutt i peikefingeren og langfinger.

Har nummeret

– Då trekte han seg tilbake til sin eigen bil og ringde politiet, seier Birkedal.

Politiet fekk bilnummeret på bilen, men ventar med å gjera undersøkingar i saka til dei har fått inn ein formell melding til politiet om saka.

– Kor alvorleg ser politiet på dette?

– Det er jo trugslar med kniv, så me ser på det som ei alvorleg hending. Og me reknar med at det vil koma ei melding til politiet slik at me får etterforska saka, seier han.

– Eg har høyrt om verbale trugslar etter farlege situasjonar i trafikken, men aldri at nokon har blitt fysisk skadd med kniv, seier han til slutt.

Dirdal