Hopp til innhold

– Foreldra håpar først og fremst på svar

Over 27 år etter drapet på dottera, fekk Torger og Karin Tengs i dag dommen mot mannen som er tiltalt for drapet.

Torger Tengs i vitneboksen

Det var tøft for Torger Tengs å møte i retten, 27 år etter drapet på dottera, i fjor haust.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Ingen av foreldra til Birgitte Tengs var til stades då dommen vart lesen opp i dag.

– Foreldra håpar mest at dei får ei forklaring på kva som skjedde og kvifor. Det fryktar dei at dei ikkje vil få, seier bistandsadvokat John Christian Elden etter at dommen mot Johny Vassbakk var eit faktum.

«Kortversjonen er at eg har det heilt jævlig» sa faren til Birgitte Tengs då han inntok vitneboksen i rettssalen i Haugaland og Sunnhordland tingrett i november. Då byrja rettssaka mot mannen som var tiltalt for drapet på dottera hans i 1995.

No har dommen komme. 17 år i fengsel og 600.000 kroner i erstatning til kvar av foreldra til Birgitte Tengs.

– Dei fryktar at denne dommen ikkje er det endelege ordet i saka, ved at ho ikkje blir rettskraftig, seier Elden.

Forsvararane til Vassbakk har varsla at dommen kjem til å bli anka.

Foreldrene til Birgitte Tengs, sammen med bistandsadvokatene

John Christian Elden (til høgre) og Erik Lea (med ryggen til) har vore bistandsadvokatar for Karin og Torger Tengs i ei årrekkje.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Fortviling og håpløyse

Torger og Karin Tengs har ikkje ønska å uttale seg om saka etter at rettssaka var ferdig i slutten av desember og fram til dommen fall i dag. Bistandsadvokatane Erik Lea og John Christian Elden har vore talspersonane deira. Sistnemnde har undervegs i rettssaka stilt spørsmål om DNA-beviset mot Vassbakk var sterkt nok. Foreldra og bistandsadvokatane var til stades under store delar av rettssaka mot Vassbakk som varte i vel to månader.

Lea fortalde også under rettssaka at dei siste 27 åra har vore prega av fortviling og ei kjensle av håpløyse for foreldra.

Erik Lea bistandsadvokat Torger og Karin Tengs

Erik Lea framfor Karin og Torger Tengs. Heilt til høgre er den andre bistandsadvokaten, John Christian Elden.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Trudde lenge det var fetteren

Foreldra til Birgitte Tengs hadde i alle år trudde det var fetteren som var drapsmannen. Derfor reagerte dei med sjokk i tida etter arrestasjonen av Vassbakk i 2021.

Fetteren vart heilt reinvaska for drapet rett før rettssaka byrja.

Høyr krimkommentator Olav Rønneberg fortelje om då Johny Vassbakk fall om i retten.

I desember såg Karin Tengs nevøen sin for første gong sidan 1998. Fetteren prøvde å ta kontakt etter vitnemålet sitt i retten, men tanta var avvisande. Medan Torger Tengs har vorte meir open for at det kunne vere ein annan drapsmann, heldt Karin Tengs på si overtyding om skulda til fetteren lenger.

Torger Tengs hadde også nokre ord til Vassbakk då han sat i retten, og han oppmoda 52-åringen om å tilstå - dersom han var skuldig:

– Prøve å tenkje på kva han hadde spart oss og seg sjølv for, alt det grumset og ting som ligg og som er sopt saman mot han. Som vi må sitje her og ta imot frå journalistar og alle, som han og vi må sitje her og høyre på, då kan han berre reise ein eller annan plass og sone og få ein dagleg dont i staden, det hadde vore herleg, sa Torger Tengs i retten for tre månader sidan.

No er mannen dømd, men det er forventa at saka blir anka. Ankebehandling er førehandsdagsett i Gulating lagmannsrett seinare i år.

Elden varsla før dommen vart lesen opp i dag, at foreldra til Birgitte Tengs framleis har motsett syn på kva som skjedde den fatale natta i mai 1995 og kven som er drapsmann. Det var ikkje sikkert ein dom ville endre dette synet.

– Dei har diametralt motsett oppfatning, men dei vil ikkje la det komme mellom dei. Dei håpar først og fremst på nokre svar, sa Elden før domsslutninga.

Birgitte Tengs ble funnet drept 6. mai 1995. En 52 år gammel mann fra Karmøy er nå tiltalt i Tengs-saken, og rettssaken begynner mandag 07. november 2022.

Birgitte Tengs vart funnen drepen 6. mai 1995. Ein 52 år gammal mann frå Karmøy er no tiltalt i Tengs-saka, og rettssaka byrjar måndag 07. november 2022.