NRK Meny
Normal

– Eit hakk i beltet å kunna sei at du hadde hatt sex med Birkedal

I dag forklarte Trond Birkedal seg til Stavanger Tingrett. Han slår hardt tilbake mot hovudvitne i saka. – Me har ei heilt ulik oppfatning av røynda, sa han i retten i dag.

Dommar Bjørn Enoksen-Ristesund i retten

BIRKEDAL-SAKA: Dommar i Birkedal-saka, Bjørn Enoksen-Ristesund byrja dag nummer to med å flytta rettsaka til lokaler med betre lydforhold. Rettsaka går nå i ein av salane til lagmannsretten.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Eg trur nok det gav eit hakk i belte å kunna sei at ein hadde hatt sex med Trond Birkedal. Eg trur han ville skryta på seg å ha hatt sex med meg, men fekk kalde føter då partiet pressa han til å melda dette til politiet, sa Trond Birkedal i retten.

Han fortalte frå vitneboksen i dag om det mest alvorlege tiltalepunktet. Som kjent avviser han at han har forgripe seg på eit ungt medlem av FpU, sommaren 2008.

– Først vil eg berre sei at me to har ei heilt ulik oppfatning av røynda, byrja Trond Birkedal med i retten i dag.

Overnatta på hotellrommet

I går fortalte nemleg den nå 18 år gamle fornærma, om ein massasje han fekk av Birkedal, som utvikla seg til å bli eit seksuelt overgrep då han var femten år.

Ifølgje Birkedal overnatta femtenåringen på hotellrommet hans, noko som allereie var avtalt.

Årsaka skal ha vore at fornærma kom med fly til Oslo frå utlandet, og trong ein stad å sova. Dagen etter skulle nemleg bussane til FpU sin sommarleir gå frå bussterminalen.

– Det viste seg at han ikkje hadde pengar til hotell, så eg sa han kunne sova over på mitt rom, sa Birkedal i retten.

Aktor Karsten Monsen

Aktor Karsten Monsen spurde Birkedal ut etter forklaringa.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– La oss til å sova

Ifølgje Birkedal kom fornærma til rommet hans om kvelden allereie full. Han fortalte om at han hadde drikke saman med venar og at han hadde blitt massert i kaldt vatn:

– Eg sa då til han at ein må bruka olje når ein skal massera nokon, etter dette la han seg og sovna. Eg la meg ned og las litt, etter ei stund sovna eg òg. Dagen etterpå vakna han, dusja og gjekk. Etter dette hadde me ikkje særleg mykje meir kontakt, sa Birkedal.

Det blei også tatt opp at han fekk høyra seinare frå Ove Vanebo om eit rykte som svirra. Dette skjedde i 2009. Dei skal då hatt eit møte med Geir Mo. Og slik Birkedal forstår det skal fornærma i saka ha blitt oppmoda om å melda det til politiet, eller slutta med rykta.

Ove Vanebo og Geir Mo skal forklara seg i retten seinare i dag.

– Kvalmande å høyra

18-åringen som det mest alvorlege tiltalepunktet handlar om sit i retten og høyrer på, men då Birkedal skulle forklara seg blei det for sterkt for han slik han måtte gå ut.

– Det er kvalmande at Birkedal seier at det var eit hakk i belte å ha sex med han, seier han til NRK.no, som konfronterte han med utsagnet i etterkant.

18 åringen har meld Birkedal for seksuelt overgrep og vil ikkje stå fram med namn.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Seksuelt motivert

Hege Salomon og Bratland Andersen

MARTIN BRATLAND ANDERSEN: Rettsaka i dag byrja med at Martin Bratland Andersen forklarte seg ferdig gjennom utspørrjing frå bistandsadvokaten, og Birkedal sin forsvarar Arvid Sjødin.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I forklaringa til Trond Birkedal fortalte han også at motivet for snikfilminga på badet hans var seksuell.

– Eg ville sjå nakne gutar i badet mitt, fordi eg var homofil, svarte Birkedal på spørsmål frå aktor Karsten Monsen.

Om lokkinga på nett fortalte han at han blei overraska då han forstod i politietterforskinga at nokon var under 16 år.

– Målet var å koma i kontakt med menn og utveksla bilete, delvis pornografiske. Men eg ønskte ikkje å koma i kontakt med barn under 16 år, sa Birkedal.

Birkedal-saka kom seint i gang i dag, etter forslag frå bistandsadvokat Hege Salomon om å skifta rettssal. Dommaren avgjorde at saka heller skulle halda fram i ein av salane til lagmannsretten.