Hopp til innhold

Dette er Birkedal-saka

For berre eit år sidan var ambisjonane til Trond Birkedal å bli Stavanger sin neste ordførar. Tysdag møter han i Stavanger tingrett, mellom anna tiltalt for seksuelt overgrep, og seksuell handling mot to mindreårige gutar.

Trond Birkedal

VEKKE FRÅ POLITIKKEN: Etter Trond Birkedal i mars blei sett under politietterforsking, og trakk seg frå alle Frp-verv, har han mellom anna tatt opp fag på Universitetet i Stavanger.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Tysdag startar den mykje omtalte Trond Birkedal-saka i Stavanger tingrett. I saka, som skal halda fram til fredag, kjem ni fornærma til å forklara seg om det dei har opplevd som seksuelle krenkingar frå Birkedal i perioden frå 2006 til 2011. Ein periode då Birkedal var ein svært lovande politikar.

Han var medlem av sentralstyret til Framstegspartiet og hadde i mange år leia ungdomspartiet FpU. 2011 var året då han skulle bli ordførar i heimbyen sin Stavanger.

Men slik gjekk det ikkje. For 20. mars, eit halvt år før valet, kom politiet på døra hans og tok han med i arresten.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nektar straffskuld for det mest alvorlege

Birkedal var sikta for utuktig åtferd, han skulle mellom anna ha snikfilma unge menn i dusjen. I ti dagar blir han sitjande i varetekt med besøk og brevforbod. Siktinga blir utvida til og også omfatta seksuell omgang og seksuell handling med mindreårige gutar.

Då tiltalen blei tatt ut i desember, står saka oppført med ti fornærma. Dei fleste av desse med tilknyting til FpU, der Birkedal var leiar frå 2002 til 2008.

Av fem tiltalepunkt nektar den tidlegare ordførarkandidaten til Frp i Stavanger for to. Dette er dei mest alvorlege punkta, som handlar om seksuelt overgrep, og seksuell handling mot mindreårige.

Han nektar også for eitt av tilfella, som går på å ha lokka ein sekstenåring til å ha kledd seg naken framføre webkamera, med å bruka sin falske nettidentitet «Mona».

Birkedal vant nominasjonskampen

Her er Trond Birkedal på nominasjonsmøte til Stavanger Frp i november 2010. Han hadde slått Sissel Stenberg i kampen om å bli Stavanger sin ordførarkandidat. Fire månader seinare blei han arrestert.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / Nrk

Tar opp fag

Trond Birkedal byrja tidleg i politikken og har ikkje høgare utdanning enn vidaregåande skule.

Etter han trakk seg frå politikken, og medan han har venta på at rettssaka skulle byrja, har han tatt opp fag på Universitetet i Stavanger. Den røynde politikaren har byrja på ei bachelorgrad i statsvitskap.

Han har også fortalt til media at han har skrive beklagingsbrev til alle han har snikfilma.

I bladet Plot stod han i oktober fram som homofil. Der hevda han at han aldri ville gjort det han gjorde om han hadde vore open om legninga si.

Partiet med i rettssaka

Når rettssaka nå byrjar står mellom anna tidlegare generalsekretær i Frp, Geir Mo, på vitnelista.

Arvid Sjødin

Arvid Sjødin er forsvarar for Trond Birkedal.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Årsaka er Dagbladet sine avsløringar om at leiinga i partiet kjende til påstandar om at Birkedal hadde forgripe seg på eit 15 år gamalt medlem av partiet, utan å gå til politiet.

Leiinga skal ha fått vita om dette i oktober 2009, altså lenge før politiet blei kopla inn i saka.

– Truleg fengselsstraff

Forsvarar til Birkedal, Arvid Sjødin, er innstilt på at Birkedal i alle høver vil bli dømt til fengsel.

Men dersom han blir frifunnen for tiltalepunkt ein og to, meiner han at det kan bli fengselsstraff med villkår.

Etter det NRK erfarer kan han få ei straff på omlag eit og eit halvt år fengsel dersom han blir dømt for seksuelt overgrep på den 15 år gamle guten.

– Kva tenker Birkedal om saka som byrjar tysdag?

– Han ønskjer å bli ferdig med saka så fort som råd. Han er klar for å ta straffa si, seier Sjødin til NRK.no.

Flere nyheter fra Rogaland